Intensjonsavtalen mellom Ørsta og Volda vart gjort offentleg måndag ettermiddag.

Møre-Nytt og andre medier har vore til stades på alle forhandlingsmøta, og mykje av innhaldet er difor kjent frå før.

Les heile avtalen lenger nede i saka.

Hovudpunkta i avtalen er desse:

- Den nye kommunen skal heite Volda-Ørsta.

- Dei strategiske leiarfunksjonane i kommunen (ordførar og rådmann med stab) skal vere i Ørsta. Leiarfunksjonane for dei mjuke tenestene (t.d. oppvekst og helse/omsorg) skal vere i Volda.

- Den nye kommunen skal få eit nytt kommunevåpen.

- Visjonen er å bygge eit tydeleg regionsenter med større samla attraktivitet og avanserte tenester for heile regionen.

- Kommunale basistenester skal framleis vere lokaliserte nær innbyggarane.

- Kommunen skal styrast etter formannskapsmodellen, på same måte som Ørsta og Volda blir i dag. Det nye kommunestyret skal ha 43 medlemmar.

- Det er ein klar intensjon at det skal vere balanse mellom ansvar og arbeidsplassar i dei to rådhusa og andre kommunale bygg.

- Ingen kommunalt tilsette må slutte som følgje av kommunreforma.

- Resultatet av folkerøystinga 19. mai skal vurderast før Ørsta og Volda samla kan gå i forhandlingar om samanslåing med Hornindal og Stryn.

Avtalen blir signert av forhandlingsutvala 15. mars, og skal deretter godkjennast i begge kommunestyra før folkerøystinga. Han er difor framleis å rekne som eit utkast.

Ein eventuell ny kommune vil vere på plass frå 1. januar 2020.

Les intensjonsavtalen her:

(Saka held fram under dokumentet)

Det er eitt vedlegg til avtalen: Eit økonominotat på seks sider. Dette omtalar mellom anna realisering av symjehall i tilknyting til fleirbrukshallen i Ørsta og realisering av eit mediehus med kultursal i Volda.

Les økonominotatet her:

(Saka held fram under dokumentet)

Forhandlingsdelegasjonen frå Volda. Frå venstre: Dan Bjørneset, varaordførar Fride Sortehaug og ordførar Jørgen Amdam. Rådmann Rune Sjurgard er også medlem i forhandlingsutvalet.