- Eg vil ta kontakt med Hornindal og Stryn ganske umiddelbart ganske umiddelbart, seier Volda-ordførar Amdam til Møre-Nytt.

Volda kommunestyre hadde frå før sagt ja til samtalar med Nordfjord-kommunane, men ikkje forhandlingar. Planane til Volda skapte litt uro i Ørsta-delegasjonen under forhandlingsmøtet tysdag.

- Det er viktig at vi går samla inn i diskusjonane med Hornindal og Stryn, sa Per Are Sørheim frå Ørsta-sida.

Amdam forsikra om at Ørsta framleis er førsteprioriteten til Volda.

- Det vi ønskjer å få klarlagt først når det gjeld Stryn og Hornindal, er utfordringane knytt til ei samanslåing over fylkesgrensa og helseføretaksgrensa. Det anar meg at det tek tid før vi går i gang med diskusjonar om andre ting. Dei reelle forhandlingane med Stryn og Hornindal vil nok først starte etter folkerøystinga i Ørsta og Volda (19. mai). Då veit vi om ei samanslåing med Ørsta blir noko av, og om vi skal forhandle samla med Nordfjord- kommunane eller kvar for oss. Men det er viktig at vi kjem i gang raskt, sa Amdam.

Overfor Møre-Nytt er han klar på at forhandlingane med Nordfjord vil vere nyttige både dersom samanslåinga med Ørsta blir noko av, og dersom det ikkje skjer.

Ifølgje Volda-ordføraren vil ein intensjonsavtale med Hornindal og Stryn vere langt mindre omfattande enn den mellom Ørsta og Volda.

- Den avtalen vil nok berre avklare nokre heilt sentrale spørsmål, og ta opp dette med grensene som må kryssast. Avtalen mellom Ørsta og Volda er mykje meir detaljert, seier han til Møre-Nytt.

Den siste tida har Volda og Ørsta i hovudsak snakka om ein fusjon med Hornindal, medan Stryn har vorte halde utanfor.

No er Amdam klar på at han også vil ta kontakt med Stryn. Han presiserer likevel at dei to kommunane er forskjellige.

- Ei samanslåing med Hornindal ser eg på som ei ganske kurant sak. Stryn er nok meir komplisert, sa han under forhandlingsmøtet.

Overfor Møre-Nytt stadfestar Amdam at han vil ha samtalar med begge, og sjå kva tilbakemeldingar Nordfjord-kommunane gir.