Det seier ordførar Stein Aam (Sp), varaordførar Karen Høydal (Ap) og Per Are Sørheim (H).

Dei har vore Ørsta kommune sine representantar i forhandlingane med Volda om kommunesamanslåing.

– I tillegg har vi hatt hjelp av rådmann Wenche Solheim og planleggjar Gro Anita Baardseth, fortel Høydal.

Avtalen vart tysdag klar, og no er han til reinskriving før han skal signerast og verte presentert formannskapet i Ørsta komande tysdag.

Der vil formannskapsmedlemmene ha høve til å kommentere, og kome med justeringar. Men justeringane kan ikkje vere så omfattande at nye forhandlingar må til.

– Nei, det er denne avtalen som skal verte presentert kommunestyra, og eventuelt leggjast fram til folkerøysting den 19. mai, seier Aam.

Dei tre karakteriserer forhandlingsmøta som positive, og at forhandlingane har skjedd i eit ope og løysingsvillig miljø.

– Sjølvsagt har det vorte nokre harde tak, og det har blese ei kule varm, men vi har hatt stor respekt for kvarandre, seier Aam.

Innhaldet i avtalen er førebels ikkje offentleg, men likevel er nokre punkt kjende:

* Kommunen skal heite Volda – Ørsta.

* Administrasjonssenteret skal liggje i Ørsta.

* Begge rådhusa skal verte nytta.

* Ingen tilsette skal seiast opp som følgje av intensjonsavtalen.

– Det vart viktig for oss at Ørsta fekk kommunesenteret. Nemninga kommunesenter står også i avtalen, seier Sørheim.

Dei er også nøgde med at fleirbrukshallen med eit symjeanlegg vert sett på som eit regionalt prosjekt, til liks med at mediesenteret med kulturbygg i Volda vert eit regionalt senter.

– Det aller viktigaste likevel er at vi har evna å tenkje regionalt, og ser på Ørsta/Volda som eit naturleg regionsenter mellom Ålesund og Førde. Saman vert vi mykje sterkare. Greier vi ikkje å få til dette, står Ålesund og Førde klare, åtvarar Sørheim.

Stein Aam er på si side glad for at landbruksnæringa er nemnt spesielt i intensjonsavtalen.

– I Ørsta/Volda skal vi styrke landbruksnæringa og vi skal vere det regionale tyngdepunktet, seier Ørsta-ordføraren.