Aukse og Malene på skåringstoppen
Volda-damene har til no hatt ein fantastisk sesong i 2. divisjon. Dei toppar tabellen og har skåra over 30 mål i snitt pr. kamp. To av spelarane står for over 250 av skåringane.
Volda-damene har til no hatt ein fantastisk sesong i 2. divisjon. Dei toppar tabellen og har skåra over 30 mål i snitt pr. kamp. To av spelarane står for over 250 av skåringane.
For tvillingane Sondre og Eirik Rekkedal Åmbakk er det ikkje berre viktig å slå konkurrentane, men det er også viktig å vere den beste tvillingen.
Søndag spelte Ørsta/Vartdal sin siste kamp i kvalifiseringa til første divisjon, men førehandsfavorittane AaFK var hakket betre, og truleg vert det spel i andredivisjon for juniorlaget til Ørsta/Vartdal.
Ørsta gutar 16 møtte søndag Hareid til avgjerande kamp i kvalifiseringa til 1. divisjon. Ørsta greidde uavgjort, og er klar for fyrste divisjon.
Voldadamene har hatt ei knalltøff veke med fire kampar. Åtte poeng på ei veke sikrar framleis tabelltopp, og tre runder før slutt er det berre Molde som kan ta frå Volda kvalifiseringsplassen for 1.divisjon.
I svært vekslande vêr vart Bjønnameisterskapen 2012 arrangert på Bondalseidet laurdag, og av dei lokale alpintalenta imponerte spesielt Fride Åmbakk på heimebane.
Sjølv med to nedrykk på rad er stemninga god i troppa til Åmdal, og med ei god og treningsvillig stamme i laget, lovar det godt før årets sesong i sjette divisjon.
Volda-damene er inne i den tøffaste veka denne sesongen med fire kampar på sju dagar. Tidlegare i veka blei det klare sigrar både mot Elnesvågen og Ålesund, men laget har mykje større potensial enn det som blei vist i desse to kampane.
Vartdal har klare ambisjonar om å kjempe i toppen av årets femte divisjon, og er lystne på å ta steget opp i fjerde divisjon. Med ei stor spelargruppe og eit godt kamptilbod, ser trenar Kenneth Nydahl lyst på årets sesong.
Dei to beste laga på Sunnmøre møttest tysdag kveld til lokaloppgjer i Voldahallen. Over 300 tilskodarar hadde møtt opp og fekk sjå eit heimelag som brukte ein omgang på å kome i gong.
Ørsta/Vartdal var i aksjon i Sparebanken Møre Arena laurdag mot Spjelkavik. Sjølv om laget presterte godt, vart det tap 2-4.
Det vart eit jamt oppgjer mellom topplaga Ørsta/Volda og Tiller i Ørstahallen laurdag, men med 28–26-siger til bortelaget er nok opprykkskampen avgjort.
Volda hadde ingen problem med å vinne over botnlaget Elnesvågen i Frænahallen søndag. Grunnlaget for sigeren blei lagt før pause då blei eit hardtspelande heimelaget overkjørt av sunnmøringane.
Herrelaget til ambisiøse Volda og Ørsta Bordtennisklubb held stø kurs mot opprykk til 1. divisjon etter serierunden i Grimstad sist helg. Laget spelte fire kampar, og vann med utklassingssifra 10-0, 10-0, 10–0 og 9–1.
Trenarkabalen for Volda sitt a-lag for herrar er no komplett, og hovudtrenar Arild Hagen Bakke får med seg Jørund Walseth i ei assistentrolle.
Til helga vert dei åtte beste bordtennisspelarane i kvar årsklasse samla for å spele Stiga noregscup. Volda og Ørsta bordtennisklubb har heile fem spelarar kvalifisert, og får bryne seg mot Noreg sine beste spelarar.
Det er duka for ei handballrik helg både på dame- og herresida, og laurdag vert det eit avgjerande oppgjer for herrane mot Tiller i kampen om opprykk frå tredje divisjon.
Handballgruppa i Ørsta IL vil spe på økonomien med innsamling av mobiltelefonar.
Volda måtte slite for sigeren mot Sverresborg 2 i Voldahallen laurdag. Volda-damene viste likevel i løpet av andre omgang at laget var ei klasse betre.