– Eg opplever at folk kjem bort til meg og spør om eg har skifta meining. Det har eg heilt klart ikkje gjort, seier Stein Aam.

Som ordførar leiar han forhandlingsdelegasjonen frå Ørsta kommune i samtalane om samanslåing med Volda. I førre veke kom det eit gjennombrot i forhandlingane. Namnet på den nye kommunen, Volda-Ørsta, vart bestemt og det vart avgjort at Ørsta blir kommunesenter.

– Eg meinte vi burde stå på Ørsta-Volda som namn, men fleirtalet i Ørsta-delegasjonen ville inngå kompromiss, og det aksepterer eg, seier Aam.

Framleis skeptisk

Sjølv om Aam er forhandlingsleiar, er han også Sp-ordførar. Åmdalingen er klar på at grunnsynet hans framleis er at Ørsta klarer seg godt som eigen kommune.

– Eg meiner eg vart valt på to hovudpunkt. Kommunereform og legesenter på Bakk-Ola-marka, seier ordføraren. Han slit framleis med å finne gode argument for ei samanslåing.

– Forslaget til nytt inntektssystem vil slå negativt ut for kommunar som ikkje slår seg saman. Men Ap, Venstre og KrF på Stortinget har alle uttrykt skepsis til forslaget. Det blir nok eit nytt inntektssystem, men vi veit ikkje korleis det vil slå ut enno. Om vi ser nøkternt på det, vil det kanskje gjere at Ørsta mistar 2–3 millionar kroner i året i inntekter. Det trur eg vi skal handtere. Eg er også svært skeptisk til effektiviseringsgevinsten ved ei samanslåing, og eg fryktar for lokaldemokratiet når vi får færre politikarar per innbyggjar, seier Aam.

– Pådrivarane for samanslåing trekkjer gjerne fram potensialet Ørsta og Volda har for å byggje eit sterkt regionsenter i fellesskap som eit argument for felleskommunen. Er ikkje det eit godt argument?

– Eg er veldig for å byggje regionsenter, men eg trur ikkje vi små slå oss saman for å få til det. Det vil nok vere anstrengt ein periode framover dersom det ikkje blir samanslåing, men det går seg nok til.

Plan B

Stein Aam sin plan A er altså framleis at Ørsta skal halde fram som eigen kommune. Men saka er ein balansegang for han, og Aam har også ein plan B.

– Partiprogrammet til Ørsta Senterparti er krystallklart. Vi er for ei grundig utgreiing om kommunereform og vil respektere resultatet av folkerøystinga. Då vil eg sjølvsagt kjempe for ein best mogleg avtale før vi legg saka fram for folket. Dette har eg følgt til punkt og prikke, seier Aam. Han er nøgd med at Ørsta har fått gjennomslag for bygging av fleirbrukshall med symjebasseng i Ørsta som del av intensjonsavtalen.

I «retur» skal Ørsta støtte bygginga av eit kultur- og høgskulebygg i Volda.

– Eg har god tru på at vi får sluttført ein avtale i løpet av dei neste møta, seier Aam.