Etter førre forhandlingsmøte mellom Ørsta og Volda om kommunesamanslåing, verka det som om det var ei brei semje om vegen vidare. Slik er det ikkje, og det er heller ingen tvil om at store kjensler er i sving.

På forhandlingsmøtet i Furene torsdag vart knivane slipte. Dan Bjørneset (H) i Volda sin forhandlingsdelegasjon, gjekk til eit kraftig åtak på ordførar i Stein Aam i Ørsta.

– Eg reagerer på Aam sitt utspel i Møre-Nytt tysdag. Der seier Aam rett ut at han ikkje er interessert i ein samanslått kommune mellom Ørsta og Volda. Etter at eg las tysdagsutgåva til Møre-Nytt kjenner eg behov for ei avklaring. Sit vi her og arbeider noko med noko vi ikkje er interesserte i? Viss vi gjer det, kastar vi vekk tida, small det frå Bjørneset.

Ordførar Stein Aam såg ikkje problemet.

– Ørsta Senterparti har eit program som er klinkande klart. Der seier vi at Ørsta greier seg godt som kommune åleine. Men samstundes seier vi at vi vil respektere ei folkerøyting. Viss folkerøystinga vert positiv til ei kommunesamanslåing, går både Sp og eg som ordførar inn for det. Vidare er eg lojal overfor kommunestyrevedtaket som seier at vi skal forhandle. Eg er forplikta til å forhandle, og no forhandlar vi fram ein avtale for innbyggjarane. Eg gjer ein jobb på vegner av kommunen, sa Aam.

Ærleg?

– Eg respekterer Aam for det svaret han gjev, men her er eit paradoks, for saka i Møre-Nytt er ein reklame for ikkje å slå seg saman. Då er vi på kollisjonskurs. Eg vil utfordre Ørsta på om de er ærlege på dette eller ikkje, sa Bjørneset.

– Ingen er meir ærleg på dette enn eg. Eg har kalla ein spade for ein spade, repliserte Aam.

Bjørneset reagerte også på framstillinga av det førebelse forhandlingsresultatet frå Ørsta si side.

– Eg ser at det vert sagt at det er semje om at kommunesenteret skal vere i Ørsta. Nemninga kommunesenter er ikkje nytta. Det vi er samde om, er at sentraladministrasjonen skal vere i Ørsta, sa Bjørneset.

Ordførar Jørgen Amdam i Volda noterte seg diskusjonen mellom Aam og Bjørneset.

– Vi veit at det er eit splitta Ørsta som er i forhandlingar. Viss vi ikkje får fram eit resultat i forhandlingane, vil det medføre at Volda vil sjå etter andre alternativ, sa Amdam.

- Volda mest positive

Forhandlingshjelpar Per Ivar Lied frå Sunnmøre regionråd merka seg også usemja.

– Eg oppfattar begge partar som tydelege – og at Ørsta er betenkte. Likevel meiner eg å sjå at begge partar vil forhandle fram ein avtale, men at Volda har vore klart meir positiv heile vegen, sa Lied.

Sjølve forhandlingane i Furene torsdag gav lite nytt. Møtet handla om å spisse dei formuleringane det vart semje om i førre veke.

Når dokumentet er klart, vil det verte lagt fram for formannskapa i Ørsta og Volda, og formuleringane vil då også verte offentlege for innbyggjarane.