Sæbø ynskjer opprykk
Sesongen i fjor enda med nedrykk for Sæbø, og mange spelarar har reist frå klubben. No satsar ein ungt, og ynskjer å komme seg tilbake til femte divisjon.
Sesongen i fjor enda med nedrykk for Sæbø, og mange spelarar har reist frå klubben. No satsar ein ungt, og ynskjer å komme seg tilbake til femte divisjon.
Sentrumsområda i Ørsta og Volda har fått meir bypreg, og det gjev også endringar for postnummera. Dei områda som no har høvesvis 6150 og 6100 som postnummer, skal verte delte inn i fleire postnummer.
Moduslan 2012 vart arrangert på kulturhuset i Ørsta, frå måndag til onsdag. Det har vore speling, konkurransar, premieutdeling og mykje anna kjekt, og sjølvsagt lite søvn mellom deltakarane.
– Målet er at det nye parkeringshuset skal stå ferdig når Kvivsvegen opnar i midten av september.
Kjenner du nokon som heiter Anne Lise? I så fall er du ikkje aleine, for dette namnet kan hermed kårast til det mest brukte dobbeltnamnet i Ørsta kommune.
Samrøystes godkjende kommunestyret torsdag byggjerekneskapen for Bakk-Ola-marka. Det skjedde åtte år etter at bygningen var ferdig.
Siri Hovde (26) har fått plass som solofløytist i Trondheim symfoniorkester. Ho har gått vegen frå blokkfløyteelev i Ørsta til den prestisjetunge stillinga.
Begge ordførarane i Ørsta og Volda er positive til deltaking i nyskipa Sunnmøre Regionråd, og trur det vil gagne dei to kommunane at dei melder seg inn i lag.
Med stor og forseggjort stand gjorde Fora Form eit godt inntrykk på møbelmessa Stockholm Furniture Fair førre veke.
Kommunestyremedlem Karen Høydal har i ein interpellasjon til ordføraren i Ørsta stilt spørsmål om han kan gjere greie for statusen til småstillingar/deltidsstillingar i kommunen.
Måndag var det fleire folk som hadde teke turen til Bondalseidet i vinterferien. Både små og store rann slalåm og snowboard i bakkane, til trass for vind og snø.
Skredgruppa til Ørsta og Volda Røde Kors rykte måndag ettermiddag ut til snøskredet på Ørskogfjellet.
Då skredet gjekk rett før kl 12. på Harpefossen søndag, vart to lavineekvipasjar frå Ørsta og omland lag for norske redningshundar, sende med helikopter for å søkje i skredet. Dei drog rett frå eit vinterkurs på Standaleidet.
På kommunestyremøtet førre veke vart den fyrste rapporten frå rådmannen om arbeidet med å få kommuneøkonomien på rett kjøl lagt fram. Det vart ein lang debatt til saka, og spørsmålet kom om dette er nyttig rapportering, eller om kommunestyret i staden er på veg til å drukne i detaljstyring.
Varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) har tidlegare kome med utspel om at Ørsta kommune skal selje seg ned i Tussa. No meiner han signala om redusert utbyte aktualiserer eit nedsal.
Nedbør, vind og stigande temperatur gir snøskredfare i Ørsta. Hjelpekorpsleiar Jarle Steinar Bjørdal oppmodar folk om å vise aktsemd når ein ferdast i fjellet.
I løpet av fjoråret fekk innbyggjarane i Ørsta og Volda bøter og førelegg for 2,7 millionar kroner. Statistikken fortel likevel at folk herifrå er ”snillare” enn det som er normalen i Noreg.