– Veka er meir enn konsertar
Veka 2012 blir arrangert i Volda i desse dagar. Vekesjef Emil Gukild ønskjer å skape folkeliv og engasjement i Volda sentrum, og vil at festivalen skal vere for alle mellom 13 og 300 år.
Veka 2012 blir arrangert i Volda i desse dagar. Vekesjef Emil Gukild ønskjer å skape folkeliv og engasjement i Volda sentrum, og vil at festivalen skal vere for alle mellom 13 og 300 år.
– Det er tarveleg å stoppe bygdebokprosjektet for gamle Ørsta, seier kommunestyremedlem Stein Aam (Sp). Torsdag prøvde han fånyttes å ta opp saka i kommunestyret. Ordføraren sa nei.
I sin takke- og hyllingstale til musikklinefolka etter premieren onsdag, sa rektor Trond Hjelseth at ein trass alt måtte vere klare på at Musikklina ikkje er New York High School. Der er grenser for kor høgt ambisjonsnivået kan setjast, og kva ein maktar å gjennomføre.
Ørsta-musikar Egil Olsen har nettopp gjennomført ein suksessfull turné med popdronninga Marit Larsen. Og det vart ein suksess.
Samsaya skapte skikkeleg stemning i kantina på Høgskulen i Volda onsdag.
Søndag feira Dalane Skulekorps 30-årsjubileum på samfunnshuset i Follestaddalen.
Komande fredag inviterer flygelnemnda endå ein gong til ei musikalsk godstund i Ørsta kyrkje, denne gongen med songarar og musikarar frå både Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta. Vi gler oss til denne musikalske dugnaden og vonar at også publikum vil spegle att denne heller sjeldne musikalske opplevinga.
Førstkomande søndag kjem Guri Aasen og Andrine Longva Kopperstad til Aasen-tunet med forteljeframsyninga «Fiskarkona og døtrene hennar». Kafeen har bacalao med focaccia og fastelavnsbollar på menyen.
Norsk-indiske Samsaya set ein ekstra spiss på Internasjonal dag i Volda komande onsdag.
Søndag 12. februar inviterer Ivar Aasen-tunet små og store til ei humoristisk og energisk operaframsyning, «Operabarnetimen – Fanfaronenes superfamilieshow».
Sjeldan har kunsthuset i Ørsta vore meir besøkt enn då fotokunstnaren Ma Ortiz opna utstillinga si “Tyll på Tind”.
Søndag skal kring femti ungdomar syne fram sine talent på Ørsta kulturhus.
Sjølv om Hovderevyen i år er 30 år, skal dei ikkje lage nokon mimrerevy, men servere rykande ferskt stoff til både latter og ettertanke.
Frank Willy Utgård frå Sykkylven har takka ja til jobben.
Til helga er det stor nyttårskonsert med Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda. Saman med to heimvende solistar og sin nye dirigent Øyvind Johan Eiksund vil dei skape ein nyttårskonsert med feststemte tonar.
Direktør Ottar Grepstad karakteriserer 2011 som det viktigaste for Nynorsk kultursentrum.
Gitarist Leif Aase i Vassendgutane fekk før jul beskjed om at han må forlate bandet fordi ein må spare pengar. Erstattaren skal ha lokal tilknyting ifølgje manager Alf Aarseth. Vassendgutane kjem også med ny plate i vår.
Side Brok har sleppt sin fjerde mix-kassett med musikalske kuriositetar.