Volda-ordførar Jørgen Amdam var under forhandlingsmøtet torsdag klar på at dagens Ørsta kommune ikkje kan få økonomisk fordelaktig behandling for all framtid.

I førre forhandlingsmøte sa Volda ja til å prioritere økonomiske investeringar i Ørsta før Volda. I hovudsak gjeld dette bygging av ny fleirbrukshall med symjebasseng i Ørsta.

– Men etter 2020 må vi vere éin kommune. Då må det nye kommunestyret stå fritt til å gjere økonomiske prioriteringar. Vi kan ikkje ha ei ektepakt som delar verdiane i årevis, sa Amdam.

Dette vart også formulert som eit krav etter at dei to delegasjonane hadde hatt gruppemøte.

Volda-rådmann Rune Sjurgard meinte det vil vere vanskeleg å få ut potensialet i den samanslåtte kommunen med slike spesialavtalar.

– Vi skal byggje eitt samfunn, ikkje to samfunn som ligg innanfor dei same geografiske grensene. Alle på Ørsta-sida har vore klare på at det faktum at Ørsta har fleire Tussa-aksjar og lågare lånegjeld skal kompenserast i form av investeringar i Ørsta.

– Om vi berre ser vekk frå dei vedtaka og prioriteringane som har vore gjort i kommunane tidlegare, vil denne avtalen møte veggen så det smell når han blir send til politisk handsaming, sa Per Are Sørheim.

Forhandlingsutvalet er samde om å ikkje sjå vekk frå skilnadane til kommunane, men at alle ulikskapar skal gjerast opp for før 2020.

– Eg hadde nok sett føre meg at investeringsplanen gjekk over lengre tid, så dette kan bli hektisk. Men vi kan nok få til ein investeringsplan fram mot 2020 som gjer at dette opplegget er akseptabelt, sa Stein Aam etter møtet.

Frisk debatt

Under møtet var debatten til tider frisk, og fleire på Volda-sida uttrykte misnøye med haldningane til Ørsta.

– Det uroar meg når Stein har fokus på verdiane i Ørsta utan å ville snakke om verdiane i Volda, sa Dan Bjørneset då han argumenterte for at kommunesenteret bør ligge i Volda.

– Denne debatten har eg venta på. Det er min lodd i livet å framføre det som er synet til delegasjonen frå Ørsta, svarte Aam.

Varaordførar i Volda, Fride Sortehaug. meinte fokuset på verdiane i Ørsta har fått ei for stor rolle i diskusjonane.

– Det er vanskeleg når eg føler at voldingane blir mindre verdt enn voldingane. Vi må opp på eit høgare nivå enn det som gjeld dagens verdiar – Tussa-aksjar og lånegjeld. Det spelar ikkje noko rolle om femten år, sa ho.

– Alle skal sjølvsagt vere like mykje verdt i den nye kommunen. Men Ørsta sine år som Robek-kommune har sett sine spor, og det er forventningar om at det kjem investeringar i åra framover. Difor er det sentralt å få ein avtale på dette området, svarte Ørsta-ordførar Wenche Solheim.

– No må vi passe oss for ikkje å gå i skyttargravene. Om vi gjer det, er det lett for at det skjer i neste ledd også. Men vi i Ørsta har vore tydelege på at her er ulikskapar i verdiane i dei to kommunane. Det må vi finne ei løysing på, som vi kan legge fram for våre innbyggjarar, sa Per Are Sørheim.

Får truleg avtale

Mykje tyder på at forhandlingsutvalet kjem til å bli samde om ein intensjonsavtale i løpet av mars.

I denne skal fleirbrukshallen i Ørsta prioriterast fram mot 2020. Eit nytt kombinert campusbygg og høgskulebygg i Volda skal også vere del av avtalen. Forhandlingsnemnda vurderer begge prosjekta som regionale bygg, som gagnar innbyggjarane i både Ørsta og Volda. Volda-sida ønskjer også å prioritere ein mindre hall, som skal erstatte den utdaterte Voldahallen.

<strong>Får truleg avtale:</strong> Ordførarane Jørgen Amdam og Stein Aam.