Det seier konstituert sorenskrivar i Volda, Ole Ødegård.

Han er likevel open for kva det endelege resultatet vil verte, sidan det er Stortinget som skal ha det siste ordet når det gjeld strukturering av domstolane.

– Då kjem det an på kven som sit med makta når avgjerda vert tatt. Skal dette verte avgjort med blå-blå makt, meiner eg at det er meir truleg at vi vert lagt ned, enn ved ei avgjerd etter eit eventuelt maktskifte, seier Ødegård, og viser til at den blå-blå regjeringa er ivrige på å gjennomføre nye reformer.

Geografi spelar inn

Torsdag besøkte  Domstoladministrasjonen (DA) tingretten i Volda for å samle  synspunkt på forslaget om eventuelle  endringar av rettskrinsane for Søre-Sunnmøre tingrett og Sunnmøre tingrett i Ålesund.

– Det er altså ikkje snakk om konkrete forslag til endringar, men ei vurdering av eventuelle endringar, understrekar avdelingsdirektør Jann Ola Berget frå DA.

Saman med avdelingsdirektør Anne Mari Borgersen reiser han no rundt til fleire av tingrettane i Noreg som vert vurdert slått saman, totalt 35, som dei vil vurdere å gjere om til 12. Frå før, i 2010, er det gjennomført ei strukturendring frå 92 til 65 domstolar.

– Frå førre runde har tilbakemeldingane vore udelt positive. Vi har difor gått i gang med nok ei runde, seier Berget.

DA ser føre seg at tingrettane minimum skal ha 8–10 dømmande årsverk. Då kjem Volda til kort. I dag er det sju faste stillingsheimlar ved tingretten. Det er sorenskrivaren, to dommarfullmektigar og fire sakshandsamarar.

– Vi vil sjølvsagt også ta omsyn til reisetid og avstandar. Noreg har mykje geografi. Så talet på dømmande årsverk er ikkje eit slavisk prinsipp for oss. Der vil vere domstolar som er mindre. Det er også styret i DA heilt klare på, forsikrar Berget.

Det same styret var også samrøystes då dei bestemte seg for å ha ein ny gjennomgang på strukturen i domstolane. Styret har ni medlemer, der fem er representantar frå ulike domstolar.

Fleire kommunar

Om vanskeleg geografi vil verke positivt inn for Volda sin del er usikkert. Vegen til Ålesund kan vere for kort i ein stor samanheng, men dei tilsette var i alle fall klare i talen sin til representantane frå DA. Ole Ødegård seier at dei i Volda ønskjer ei styrking av domstolen, før ei nedlegging.

– Vi er ein veldriven domstol som rekrutterer godt og som leverer godt på tid når det gjeld handsaming av saker. Vi har mange saker per tilsett, og også brukarane våre melder tilbake at arbeidet vårt held høg kvalitet. I den forstand er vi ikkje små og sårbare, etter vår erfaring.

DA fekk med seg innspel om at Volda i større grad ønskjer å knyte til seg fleire kommunar i omlandet, også Nordfjord, med vekt på at nye vegsamband har gjort omlandet mindre.

DA har heller ikkje konkrete tal som seier noko om kor store innsparingar dei får ved å slå saman tingrettar, men er klare på at der er kroner å spare.

– Reduserer vi talet på einingar vil det verte billigare å vedlikehalde bygga, og det vil også vere billigare å ruste kvar eining for framtida med det som trengst av teknisk utstyr. Større domstolar er også mindre sårbare ved fråvær, og gir større grunnlag for lokalt utviklingsarbeid, som til dømes spesialisering på enkelte felt, seier Jann Ola Berget, som også har merka seg at sorenskrivargarden i Volda har bruk for omfattande rehabilitering.

Prosess

DA understrekar at det er ein lang veg opp og fram før noko er avgjort i saka.

– No er vi på sonderingstur før styret 9. november vil ta stilling til kva tingrettar vi skal jobbe vidare med. Dersom Søre Sunnmøre tingrett er ein av dei, vil vi kome attende for å ha dialogmøte med kommunane, representantar for brukarane, politi, næringsliv og andre interesser i området, forsikrar Berget.

Først i slutten av januar vil DA ta endeleg stilling til forslaga og legge dei fram for justisdepartementet.

– Då vert det nok ei offentleg høyringsrunde frå departementet si side. Vi har vorte kritisert for å ha ein lite open prosess. Eg meiner tvert imot at vi er svært opne.

Godt tilbod

Berget seier at strukturen i domstolane må forholde seg til endringar i samfunnet. Der skjer stadige endringar.

– Vi er opptekne av at alle skal ha eit godt tilbod, og nettopp endringar i kommunikasjonen gjer at folk lett kan reise andre stader, eller kommunisere på andre måtar enn fysisk oppmøte. Det er også slik at den jamne borgar sjeldan har behov for å møte i retten, heldigvis. Vi vil gjere våre faglege vurderingar om dette, og så får andre stå for politikken, seier Berget.

Ødegård avventar no resultatet.

– Ingenting er avgjort i denne saka, seier DA, og det må eg legge til grunn. Så får vi sjå kva tida vil bringe. DA seier dei har hatt ein open prosess om dette, men slik har ikkje vi opplevd det. Vi vart overraska over at vi stod på lista over tingrettar som kan verte lagt ned, då vi framleis levde i trua på ei samlokalisering med jordskifteretten i Ørsta, seier han.

Desse planane er skrinlagde grunna for store kostnader med å finne eit eigna lokale som kan huse begge domstolane.

– Dei tilsette er no uansett veldig glade for å få ha lagt fram sine synspunkt.

<strong>Skeptisk:</strong> Konstituert sorenskrivar i Volda, Ole Ødegård, trur DA vil konkludere negativt for tingretten i Volda. Kva politikarane, som skal ha siste ordet, vil seie, er han meir open til.