Ordførar Rune Hovde har sendt brev til Domstoladministrasjonen der han sterkt går imot forslaget om å legge Søre Sunnmøre tingrett i Volda inn under Sunnmøre tingrett i Ålesund.

Han meiner det er meir framtidsretta å halde fram med det påbegynte arbeidet med å samlokalisere jordskifteretten i Ørsta og tingretten i Volda.

– Dette er ei løysing der vi oppnår alle dei positive sidene som er etterspurt, samstundes som vi slepp den klart mest negative, nemleg ei unødvendig sentralisering. Vi krev at Domstoladministrasjonen snarast tek opp att arbeidet med dette, som er den klart mest framtidsretta løysinga, skriv Hovde, og viser til at ei slik løysing, som Domstoladministrasjonen seier at dei har lagt vekk, vil sikre at dei tilsette får utvikle seg i eit større fagmiljø.

Ein naturleg konsekvens av ei lokal samlokalisering, vil vere å legge vekk planane om å slå saman tingrettane i Ålesund og Volda, meiner Hovde, som legg vekt på at jordskifteretten og tingretten er viktig for ein region med om lag 70.000 innbyggjarar, som også inkluderer eit verdsleiande næringsliv innan mellom anna den maritime næringa.