– Vi tek dette til orientering. DA har varsla at dei vil ha møte med kvar domstol som vert råka, og vi ventar ytterlegare informasjon i eit slikt møte, seier sorenskrivar i Volda, Elisabeth Wiik.

Sunnmøre tingrett

DA seier i eit skriv til Søre Sunnmøre tingrett at dei i løpet av hausten vil vurdere moglege samanslåingar av førsteinstansdomstolar. For Søre Sunnmøre tingrett vil det seie at dei kan verte slått saman med Sunnmøre tingrett i Ålesund.

– Vi held fast på det vi tidlegare har sagt, og det er at vi ikkje ønskjer ei samanslåing med Ålesund. Vi meiner tingretten i Volda er ein viktig institusjon som yter innbyggjarane i rettskretsen effektive tenester av god kvalitet, seier Wiik.

Det vart tidlegare i år gjort forsøk på å finne tenlege lokale i Ørsta og Volda som kunne huse både tingretten i Volda og jordskifteretten i Ørsta. Dette lykkast ikkje, og DA har slått frå seg tanken om å samlokalisere desse to.

– Vi har fått melding frå DA om at det ikkje lenger er aktuelt å samlokalisere tingretten og jordskifteretten, sjølv om det er noko vi framleis ønskjer, kommenterer Wiik.

Besøk

DA har ei liste på nesten 40 tingrettar og jordskifterettar som dei vil vurdere å kutte ned til om lag 15. Seinast i 2010 vart det gjennomført ei strukturendring som reduserte talet på domstolar frå 92 til 66.

I første fase no vil DA si leiing besøke dei aktuelle domstolane for å høyre synspunkt frå domstolleiar og tillitsvalde før det verte teke stilling til om det skal verte foreslått endringar i domstolsstrukturen.

Opp til departementet

Direktør i DA, Sven Marius Urke, seier til Møre-Nytt at gjennomgangen av dei foreslåtte strukturendringane skal starte umiddelbart, og at det er dei som skal stå bak, ikkje justisdepartementet.

– DA er ein uavhengig institusjon, som ikkje er underlagt departementet. Vi har ansvar for mellom anna utviklinga av domstolane i Noreg. Framover skal vi vurdere om det er grunnlag for ei samanslåing av tingrettar slik at det kan verte etablert meir robuste einingar. Dette vil verte diskutert med tingrettane og dei lokale/regionale politikarane, seier han.

Etter at denne dialogen er avslutta vil DA så legge fram eit konkret forslag til dei politiske styresmaktene som er dei som har mynde til å avgjere eventuelle endringar av strukturen.

Dei konkrete samanslåingsforslaga DA ønskjer å fremje skal vert sendt til departementet ved årsskiftet 2015/2016.

Justiskomiteen

– Det er rart at ein så godt fungerande tingrett som vi har i Volda, gang på gang vert forsøkt bygd ned og lagt ned. Vi har ikkje høyrt ei einaste klage på kvaliteten på arbeidet, og så langt vi kjenner til rekrutterer tingretten godt. Det er heller ingen dokumentasjon på at det vil vere noko å spare økonomisk på at slå saman tingrettane, seier ordførar i Volda, Arild Iversen.

Han seier at dette liknar mykje på det som har vorte tydeleg i andre offentlege og statlege tenester.

– Nemleg at det er stor tru på at det som er stort er betre enn det som er mindre, utan å kunne dokumentere det.

Iversen seier at han umiddelbart etter at han vart kjent med planane, tok kontakt med justiskomiteen på stortinget, og at han har bede dei om å ta tak i saka.

– Tingretten har stor samfunnsbetydning, og kan ikkje verte behandla som ein vanleg butikk. Den type tenking er eg motstandar av, er Iversen si klare haldning.

<strong>I Volda i fjor:</strong> Sorenskrivar Elisabeth Wiik, leiar for jordskifteretten, Olav Torvik, direktør for DA, Sven Marius Urke og avdelingsdirektør i DA, Jann Ola Berget diskuterte samlokalisering av tingretten og jordskifteretten.