Det stadfestar han i eit svar til stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal.

Anundsen seier at Domstoladministrasjonen har opplyst at samlokalisering av Søre Sunnmøre tingrett og Sunnmøre jordskifterett ikkje vert følgt opp som følgje av svært ulike ønske og behov frå dei to domstolane, i tillegg til kostnadene knytt til dette.

– Det er såleis ingen samanheng mellom at samlokaliseringsprosessen mellom tingretten og jordskifteretten  i Volda og Ørsta ikkje vert følgt opp vidare, og Domstoladministrasjonen sitt ønske om å vurdere om Søre Sunnmøre tingrett kan verte slått saman med Sunnmøre tingrett i Ålesund, seier justisministeren.

Han avsluttar med å slå fast at han er positiv til arbeidet som Domstoladministrasjonen no gjer, der dei vurderer ulike samanslåingsalternativ for nær 40 tingrettar rundt om i landet.

– Eg er positiv til at dette vert gjort, og vil vurdere Domstoladministrasjonen sin rapport når han ligg føre.