Det seier Per-Are Sørheim, formannskapsmedlem og tredjekandidat for Ørsta Høgre ved kommunestyrevalet.

Investeringar i skulebygningar er ei viktig sak i valkampen i Ørsta. Som på mange andre område, har behovet for investeringar vakse medan kommunen har stått på Robek-lista.

Høgre har tidlegare varsla at dei ønskjer å satse på skuleinvesteringar gjennom å bruke 15 millionar kroner i året på skuleinvesteringar.

Kven skal få?

I 2015 og 2016 blir dette brukt på nytt skulebygg på Vartdal. Så er spørsmålet kven som er dei neste til å få pengar.

– Vi vil at administrasjonen skal gjere ei fagleg vurdering av kvar behovet er størst, og at dette skal styre prioriteringa. Difor vil vi no i valkampen ikkje gå ut og seie at den og den skal få først.

Ved årets skulestart er det, som Møre-Nytt skreiv om tysdag og laurdag, stort press på klasseromma både ved Velle skule og Vikemarka skule.

Sørheim meiner det bør vere samanheng mellom skuleinvesteringane og kvar bustadane i Ørsta blir bygde i framtida.

– No vedtok vi ein kommundelplan i vår der vi bestemte kvar det skal leggast til rette for bustadtomter i framtida. Då bør konsekvensen av det vere at vi investerer i skulane som er tilknytte desse bustadfelta, seier Sørheim.

- Kva vil det seie i praksis?

– Mosmarka blir viktig, og dei soknar til Velle skule. All den tid vi ikkje har lov til å bygge i Vikemarka på grunn av mangelen på fonnvern, er det også Velle det er størst press på.  Men vi vil ikkje gå ut å seie at den skulen  skal få så mykje og den andre skal få så mykje. Vurderinga til administrasjonen  skal avgjere dette.

Helsekrav

Sørheim legg til at andre ting enn mangel på rom også spelar inn.

– Ved nokre av skulane er tilhøva så dårlege at krav til helse og inneklima også spelar inn, seier Sørheim.

Foreldre og rektor ved Hovden skule har tidlegare gått ut  i Møre-Nytt med kritikk av den utslitne skulebygningen i Hovdebygda. Det er også utfordringar med inneklimaet på fleire andre skular i Ørsta.

PS: Per-Are Sørheim har eit lesarinnlegg om det same temaet på trykk på s. 28 i Møre-Nytt laurdag.