Det seier Bjørn Berge, leiar i foreldrearbeidsutvalet ved Hovden skule.

– Det er sjølvsagt behov for ein fleirbrukshall også, det vil jo også kome borna til gode. Men når ein har eit slikt vedlikehaldsetterslep både ved Hovden skule og sikkert ved andre skular også, vil eg seie det burde vore prioritert.

Kirsti Øye Driveklepp, seksjonsleiar for skule i Ørsta kommune, vert vist rundt på øvrebygget på skulen av elevrådet, rektor og leiar og nestleiar i foreldrearbeidsutvalet ved skulen. Bygningen frå 1964 er ein av dei eldste skulebygningane i Ørsta, og no krev FAU at det blir gjennomført strakstiltak for å betre tilhøva.

Les også: Enormt investeringsbehov

Elevar skreiv brev

Synfaringa kom i stand etter at elevrådet tok initiativ til å sende eit brev om tilhøva ved skulen til ordføraren og til Driveklepp.

– Vi likar oss veldig godt på skulen, men det er nokre ting vi synest ikkje er så bra, seier elevrådsmedlem Reidun Moltubak.

I brevet påpeikar elevrådet ei rekkje manglar ved skulen, mellom anna:

– Garderobane ved gymsalen lukar og er gamle. Mange elevar gruar seg til å bruke garderobane.

– Skulekjøkenet er svært utdatert og slite.

– Vindauga i klasseromma er delvis øydelagde.

– Det er skadedyr (maur) i klasseromma.

Det er garderobane som er verst, ifølgje Berge.

– Det er dette som gjer at vi krev at det blir gjennomført strakstiltak ved skulen, seier han.

Både i jente- og gutegarderobane er det kummerlege toalett-tilhøve, vasstemperaturen i dusjane skiftar plutseleg, og det ruglete golvet samlar skit, hevdar foreldre, elevar og skuleleiing.

Maur

Inneklimaet ved skulen får også strykkarakter av elevane. I den tidlegare sløydsalen, no omgjort til klasserom, er både temperaturen høg og lufta tung. På golvet kryp det fleire maur medan rektor Geir Lid orienterer følgjet.

– Vi har gjort forsøk på å bli kvitt dei, men vi vil ikkje bruke for mykje skadedyrmiddel på klasseromma, seier Lid.

På skulekjøkenet er komfyrane utan avtrekk, og delar av trappa ned i første etasje er øydelagd.

– At den er øydelagd er ein ting, men det er direkte farleg for elevane å bruke ho, seier Lid.

Kan ikkje prioritere

Skulesjef Kirsti Øye Driveklepp var glad for å bli invitert med på synfaringa.

– Eg synest det var eit flott brev, og det er flott at både elevar og foreldre engasjerer seg i dette, seier ho.

Driveklepp har også teke opp situasjonen ved Ørsta-skulane den siste tida.

– I samband med handsaminga av legesentersaka, kunne det virke som om politikarane trudde at berre ein fekk på plass ny skule på Vartdal, som var alt i orden med skulane. Slik er det ikkje. Eg har difor utarbeidd eit notat der eg går gjennom tilhøva ved kvar enkelt skule.

Driveklepp kan likevel ikkje prioritere mellom skulane.

– Det er eigedomsavdelinga si oppgåve å vurdere kvar behovet er størst, og det held dei på med å greie ut. Dette har ikkje eg kompetanse til å meine noko om. Og så blir det politikarane si oppgåve å prioritere mellom skulane.