- Både nosituasjonen og framtidig situasjon ved mange av skulane, særleg i sentrum, er urovekkjande, for ikkje å seie akutt.

Seksjonsleiar for skule og oppvekst, Kristi Øye Driveklepp, kjem med eit kraftig varsku overfor formannskapet tysdag (i dag).

Ho fortel om store vedlikehalds- og utbyggingsbehov i Ørsta-skulen, og det gjeld særleg skulane i sentrum.

Sentrumsskulane er for små

Ørsta ungdomsskule, som vart utvida og fekk nybygg for få år sidan, er allereie sprengd.

Velle skule er for liten. Her må det snarast kome eit byggjesteg to, poengterer Øye Driveklepp.

Vikemarka skule har vorte bygt klattvis, og det er utvidingsbehov så snart fonnvernet er på plass.

Øye Driveklepp stadfestar også vanskane for Hovden skule.

– Skulen har store rehabiliteringsbehov. Skulen har også for små klasserom i øvrebygget, særleg dersom bustadutbygginga i området utviklar seg slik at klassene generelt vert større. Dersom behovet utviklar seg mot to parallellar, har skulen for få klasserom, heiter det i utfordringsnotatet frå seksjonsleiaren.

Men det er ikkje berre sentrumsskulane som har behov for opprusting. Dalane skule er stor nok så lenge Åmås friskule er i drift, Sæbø skule har omfattande rehabiliteringsbehov og behov for nye kontorplassar.

Branntryggleik

Vartdal skule vil få situasjonen delvis under kontroll med nybygg.

Men for alle skulane er det ei stor utfordring, og det er branntryggleiken.

– Det er avvik på manglande brannteknisk dokumentasjon inkludert brannteikningar, naud- og leielys, varsling. Heile Ørsta ungdomsskule sin kjellaretasje står t.d. av den grunn i fare for å verte stengd, og dette får konsekvens for resten av bygget inkludert Ørstahallen. Dette gjeld også gamlebygget på Sæbø, Vikemarka skule, resten av bygga på Vartdal, loft og kjellar på Velle skule, heile Hovden skule og Ørsta opplæringssenter.

I tillegg til dette kjem behova for rehabilitering/ nyinvesteringar på uteområda på skulane og generelt dårleg teknisk standard på mange av bygningane.

– Av referata i avisene frå kommunestyret si handsaming av saka om nytt legesenter, kan det sjå ut som om kommunestyret reknar med at når nybygget på Vartdal skule er ferdig, er der ikkje utbyggingsbehov i Ørsta-skulane, kommenterer Øye Driveklepp, og påpeikar altså at det er langt ifrå å vere slik.