Omleggjinga av E39 mellom Sunnmøre og Nordfjord frå Stigedalsvegen til Kvivsvegen har vorte svært så kronglete for Statens vegvesen. Ordførarane i Eid og Volda har fleire gonger påpeikt det dei meiner er manglar ved skiltinga.

– Vi er no samde i store delar av denne skiltplanen, skriv ordførarane Alfred Bjørlo (V, Eid) og Arild Iversen (KrF, Volda) i eit nytt brev til Statens vegvesen.

Heilt nøgde er dei likevel ikkje. Gamle E39 over Stigedalen har no fått vegnummer 651. Det vil seie at fylkesvegen mellom Fyrde og Straumshamn, og riksvegen  over Stigedalen til Eid har same vegnummer.

– Dette kan vere forvirrande for trafikantane, til dømes i samband med vegmeldingar om rasstenging av fylkesveg 651 vinterstid, skriv ordførarane. Dei ber om at vegen Fyrde-Straumshamn får nytt nummer.

Dei meiner også det bør vere skilt til Volda ved Hjellekrysset i Eid (der nye E39 og rv. 651 møtest), ikkje berre til Folkestad. Her ønskjer dei også ferjesymbol. I tillegg vil dei ha skilt mot både Eid og Bergen ved Kjøs bru i Hornindal (der rv. 15 og nye E39 møtest).