Nyleg lova samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen at ferjestrekninga Volda - Folkestad og vegen sørover over Stigedalen skal vere riksveg fram til E39 frå Skei til Volda står ferdig.

Lovnaden kom etter at nye skilt som klassifiserte vegen over Stigedalen som fylkesveg vart tinga, og no sett opp. Dermed er strekninga Volda - Folkestad no kryssa ut frå skilta før ferjekaia i Volda.

Til avisa Møre seier Kåre Mittet i Statens vegvesen at ein ikkje kunne ha to E39-skilt, og heller ikkje eit kvitt Fv. 651-skilt som viser fylkesveg der det er riksveg.

Det vart vidare bestemt at teipen skal fjernast, og at det på sikt skal setjast opp nye skilt med grøne firkantar med Fv.651 i, eventuelt også stipla E39.