Lenginga av Torvmyrvegen har vore ei vanskeleg sak i mange, mange år. Ørsta kommune, politiet og næringslivet i Torvmyrvegen/Hovden har lenge ønskt å bygge ut vegen, slik at det blir gjennomkøyring frå flyplasskrysset i Hovdebygda til Furene.

Lenginga av Torvmyrvegen skal avlaste flyplasskrysset, gjere vegnettet eigna for ein flybuss til Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Politiet reknar vegen som viktig for beredskapen knytt til lufthamna og for utrykkingar frå lensmannskontoret like ved flyplassen.

Fylkesmannen har hatt vanskeleg for å akseptere traseen til vegen, av omsyn til hjortetrekket i Furene. Han meiner at ein slik veg vil skape problem for hjorten når han skal over hjorteovergangen på E39 på kommunegrensa Ørsta-Volda.

Godtek løysing

No har Statens vegvesen lagt fram eitt nytt forslag til løysing for vegen. Planen er her at vegen går i ein 70 meter lang kulvert under hjorteovergangen (tilnærma parallelt med dagens E39) og så vidare i ny kulvert under den nye E39. Deretter skal han koplast inn på dagens E39 i Furene (dagens E39 Furene-Volda blir truleg fylkesveg når Voldatunnelen opnar).

I eit møtereferat frå Statens vegvesen kjem det fram at landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal at dei ikkje vil fremje motsegn til denne skissa av omsyn til hjortetrekket. Fylkesmannen stiller likevel spørsmål ved behovet for Torvmyrvegen. Dette har han også gjort tidlegare. Han ber om at det blir gjort ei behovsvurdering av vegen i samband med ein ny reguleringsplanprosess.

Kommunane regulerer

Vegen må senkast ein del i området ved glattkøyringsbana for å ikkje kome i konflikt med innflyginga til lufthamna. På Furene-sida av rundkøyringa er det foreslått at vegen går parallelt med dagens E39, slik at han tek minst mogleg dyrkajord. Dette er ein noko anna trasé enn det skissa over viser.

Statens vegvesen og Volda kommune er samde om at det vidare arbeidet med Torvmyrvegen blir gjort i eit samarbeid mellom Ørsta og Volda kommunar. Statens vegvesen regulerer inn område for kulvertane i planane for Voldatunnelen, men tek ikkje på seg reguleringsarbeidet for sjølve vegen.

Ny regulering

Ulempa med den nye løysinga er at ho krev ein ny reguleringsprosess, og at kulvertane gjer at vegen truleg blir svært dyr å realisere. Det har tidlegare kome fram kostnadsestimat på over 100 mill. kr.

Ordførar Stein Aam har tidlegare sagt at han støttar Torvmyrvegen, men at kravet om regulering gjer at utbetring av flyplasskrysset høgst truleg blir prioritert først.