Ordførar Stein Aam har lansert ein ny offensiv for å betre trafikksituasjonen i området rundt Osgeila, Osmarka og Rystefeltet. Han ønskjer å bygge nye samlevegar og skape eit ringvegsystem som strekker seg frå Mosflata til flyplassen. Det er denne som no får støtte frå politiet sin øvste representant i Ørsta.

– Ein ny sambindingsveg frå Osmarka til Melsvegen vil løyse mykje av dei vanskane som er der. Det er gode argument frå alle som bur i området for at tilhøva bør betrast, og det er ønskjeleg at konfliktnivået blir redusert. Dette er ei av dei gode sakene å jobbe for i Ørsta no, seier Hagen og held fram:

– Slike samlevegar er ei god løysing for Ørsta, og vi har godt med areal å ta av. Med den skisserte løysinga får vi fleire vegar å fordele trafikken på, og betre trafikkavvikling. Eg trur det også vil gjere det meir attraktivt å busette seg i området.

Fleire strekningar

Det er snakk om nye vegar på fleire strekningar: Frå Mosflata til Mele/Melsvegen, frå Melsvegen til Osmarka (via Osgeila-området) og frå Rystefeltet til flyplassområdet. I tillegg vil ordføraren ha fortgang i arbeidet med å byggje rundkøyring i flyplasskrysset, og han vil ha på plass lysregulering i krysset på Ose.

– Det er tidvis krevjande å vere trafikant i Ørsta, og fleire kryss er svært krevjande når trafikken er høgst, vedgår lensmannen.

Han ønskte eigentleg rundkøyring også på Ose, men det fekk han ikkje gjennomslag for i planprosessen. Hagen meiner no at lysregulering er fornuftig i det belasta krysset.

– Eg har også tidlegare argumentert for at det første lyskrysset i Ørsta bør kome her. Lysregulering vil også gjere det tryggare for fotgjengarar som nyttar gangfeltet på Ose, seier han.

Han avviser heller ikkje at lysregulering kan vere ei løysing i krysset Rystefeltet/Rystelandet.

– Men dei nye samlevegane vil også kunne lette på trykket i krysset E39/Rystefeltet, ifølgje Hagen.

Torvmyrvegen

I flyplasskrysset er planen til Aam å få på plass rundkøyring, som allereie er regulert inn i området.

– Eg er ikkje imot ei rundkøyring, men eg meiner at også lenginga av Torvmyrvegen er viktig, særleg av omsyn til beredskapen. Dette vil vere ein god omkøyringsveg når E39 blir stengd på grunn av til dømes ulykker eller vedlikehald. Han vil også gå langs innflygingstraseen for fly til Hovden, og gi god tilgang til dette området. Busstrafikken er også best tent med ei lenging av Torvmyrvegen. Det må både ei løysing i krysset og ei lenging av vegen til, seier Hagen.

Det skal vere snakk om eit kostnadsoverslag på over 100 mill. kr for å realisere Torvmyrvegen.

– Er lenging av Torvmyrvegen realistisk med slike kostnader?

– Det må bli opp til andre å vurdere. Eg påpeiker behovet for vegen. Men eg meiner likevel det er på Ose det hastar mest å få ei løysing, seier Hagen.

<strong>Vil ha løysingar:</strong> – Med den skisserte løysinga får vi fleire vegar å fordele trafikken på, og betre trafikkavvikling. Eg trur det også vil gjere det meir attraktivt å busette seg i området, seier Guttorm Hagen.