Det seier ordførar Stein Aam i Ørsta. Han har fått mange reaksjonar frå næringslivet i Hovdebygda etter at Møre-Nytt i siste utgåve skreiv om orienteringa om vegpakken som Aam heldt i formannskapet.

Der viste Aam mellom anna til ei vurdering frå Volda kommune si side, om at det må lagast ein reguleringsplan for den lengde Torvmyrvegen til Furene og at kostnadsoverslaget på denne vegen er over hundre millionar kroner. Det gjorde at Aam sa at han tolka denne analysen frå Volda kommune dit at Volda tonar Torvmyrvegen ned.

– Dette er altså ikkje mine ord. Eg vil presisere at det er kommunestyra i Ørsta og Volda som til slutt skal vedta kva prosjekt som skal med i den felles vegpakken, seier Aam.

– Orienteringa mi i formannskapet handla om å få til ei løysing på ein ringveg frå fv. 655, til Ose ved Eliholen/Hansholen, gjennom Rystefeltet og frå Leitevegen til R-senteret/Aurstad-eigedommen i Hovdebygda.Når det gjeld lenginga av Torvmyrvegen, seier Aam at det prosjektet i aller høgste grad er med i førearbeidet til den felles vegpakken for Ørsta og Volda.

– Volda kommune tek då på seg å lage ein reguleringsplan for dette. Vegen vil gå frå ei ny rundkøyring i Furene, nærmare avkøyrsla til handels- og industriområdet i Furene, vidare som ein undergang under Voldatunnelen, som vil verte knytt på den eksisterande rundkøyringa i Furene i dag, og så mot NAF-bana. Der ynskjer vi å lage eit område for massedeponi med masse frå Voldatunnelen. Det er masse som vil kome næringslivet til gode, seier Aam.

Han fortel at flyplasskrysset etter vegvesenet sine kalkylar er rekna ut til å koste om lag 100 millionar kroner, og at Torvmyrvegen vil koste ca. femti millionar kroner i fyrste fase av planperioden for den felles vegpakken.

– Eg meiner flyplasskrysset er eit viktig kryss å få utbetra, og det står eg ved. Det har vi mulegheit til å ta fyrst. Eg er ikkje ute etter omkampar og spetakkel. Kva vi kan få igjennom i kommunestyra, må politikarane einast om i ein bompengepakke, seier Aam.