– Behovet for ein tømmerterminal er framleis stor, og Allskog oppfordrar kommunen om å ta tak i utgreiingsarbeidet frå 2012, og forme ut ein søknad til Landbruksdirektoratet slik at kaia kan verte vurdert i den økonomiske støtteordninga til utskipingskaier for tømmer. Ein føresetnad for å løfte Ørstaterminalen er at også vegane i området er gjort lønsame for tømmertransporten, seier næringspolitisk sjef Anna Ceselie Brustad Moe i eit skriv til Ørsta kommune.

Uroa over vegane

Allskog er uroa over tempoet i oppgraderinga av det kommunale vegnettet.

– I ein gjennomgang av veglista for Ørsta kommune er det svært få positive endringar sidan 2012 for tømmertransporten. Då var oppryddinga av vindfelt tømmer etter Dagmar-orkanen ei stor utfordring i området. Berre tre kilometer er teke ut frå «andre vegar» i Ørsta si vegliste, og nokre få vegar er gjevne 22 meter vognlengde. Etter eit langvarig arbeid for å sikre lønsemd i tømmerverdiane for skogeigarane, oppfordrar vi no igjen kommunen om å ta tak i veglista. Ørstaterminalen vil ikkje verte prioritert for oppgradering frå landbruksstyresmaktene utan at kommunen også legg til rette for lønsam transport av tømmer på dei kommunale vegane, understrekar Brustad Moe.

Store verdiar

Allskog kan ikkje poengtere nok kor stor verdiar det ligg i tømmernæringa, og at kommunen vil få ein stor gevinst.

– Når dette er på plass, vil ei årleg avvirking i storleik 45.000 kbm i året skape eit behov for to faste skogsentreprenørar i området, to tømmerbilar, to gravemaskinar og 1,5 til to skogsarbeidarårsverk for å plante til ny skog der det vert hogt, og dessutan rydde ungskogen for lauv. Dette bør verte lokale og varige arbeidsplassar i regionen, seier Brustad Moe.

Dersom regionen greier ei avvirking på 45.000 kbm årleg, vil det gje ei brutto omsetning på 28,5 millionar kroner, og ein skatteinngang til kommunane på åtte millionar kroner.