Oddmund Ose har sine siste arbeidsdagar på Ørstaterminalen. På same tid som nyttårsrakettane skaut i vêret på årets første dag, markerte dette også starten på eit nytt tilvære for Ose. No vert han pensjonist.

– Eg vert 69 til våren, så eg føler at det er nok no.

Spennande

Dei siste dagane på kontoret går med til å ause kunnskapen over til arvtakaren, ørstingen Hermann Urke (46). Urke har vore bas på lageret på Vartdal Plast dei siste sju åra, men var no klar for nye utfordringar.

– Det skal godt gjerast å drive vidare like godt som Oddmund, men det er det eg vil jobbe for. Inntrykket mitt så langt er godt. Dette vert ein spennande og kjekk jobb, og eg gler meg, seier Urke.

Oddmund Ose trur også at terminalen er i gode hender under Urke si leiing. Sjølv har han hatt jobben sidan 2007, men til saman har han vore tilsett i Vik Ørsta, som eig terminalen, i 25 år.

– Først som lagersjef, sidan transportsjef, fortel han.

No gler han seg til å få meir fritid.

– Urke er ein flink kar, så eg tenkjer at det meste er på plass her. Eg vil bruke tida på småfiske. Eg har naust og båt på Berkneset som eg gler meg til å få bruke meir, seier Ose.

Variert

Arbeidet ved Ørstaterminalen er variert, og terminalsjefen skal syte for at lasting og lossing går smertefritt føre seg. Han har ein tilsett under seg, men ved behov hyrer dei inn fleire frå Vik Ørsta.

I 2013 vart det lasta og skipa ut totalt 61.000 tonn frå Ørstaterminalen, og det vart lossa 12.300 tonn.

– Alt frå tømmer til sand og asfalt. Og kaia er først og fremst viktig for Vik Ørsta, som jo også er største kunden, fortel Ose.

Kaia har god kapasitet, og både Ose og Urke er samde i at dei gjerne skulle ha sett at fleire lokale kundar nytta seg av henne.

– I Ulstein og Herøy er dei flinke til å bruke oss, men lokalt i Ørsta og Volda er det mange som nyttar seg av kaia i Ålesund. Vi ønskjer lokal industri hjarteleg velkomne til å ta kontakt, for alle er tente med at vi får oppretthalde frakttilbodet her, oppmodar dei to.