Av totalt 19 interesserte, plukka Statens landbruksforvaltning ut fem prosjekt som er invitert til å utarbeide ein fullstendig søknad for tilskot til oppgradering og nybygging av tømmerkaier. Dei fem er Drammen i Buskerud, Herre i Telemark, Lindås i Bergen, Malo i Molde og kaianlegget i Namsos.

Ørsta søkte om tilskot

Ørsta kommune har ønske om å bygge ut Ørstaterminalen til ei fullverdig tømmerkai. Kostnadene er utrekna til å vere 22 millionar kroner, og 16 millionar søkte kommunen om å få gjennom Statens landbruksforvaltning. Det fekk dei ikkje.

For lite pengar

Dei fem kaiprosjekta som er med vidare i kampen om midlar har eit investeringsbehov på opp mot 130 millionar kroner. Det er sett av 30 millionar kroner til føremålet i revidert nasjonalbudsjett for 2013.

Det er store mengder tømmer det er snakk om. Kaia i Drammen aleine er prosjektert til å kunne ta unna 1,1 kubikkmeter i året. Dei fire andre kaiene kalkulerer til saman med å skipe ut 580.000 kubikkmeter årleg.

Til samanlikning viser prognosar utarbeidd av Fylkesmannen i Møre og Romsdal at det i snitt vil verte hogd rundt 45.000 kubikk per år i Ørsta og Volda. Toppen vil kome i perioden 2030–2035.

Streng prioritering

– Statens landbruksforvaltning har vore nøydde til å gjere ei streng prioritering, og har lagt vekt på prosjekt som ligg strategisk til for utskiping av tømmer, samstundes som dei er kostnadseffektive med høgt tømmervolum og låg einingskostnad, seier seksjonssjef Per Guldbrand Solli i ein uttale frå Statens landbruksforvaltning.

Endeleg frist for fullstendige søknader frå dei fem er 15. februar. Søkjarane er oppmoda om å finne ytterlegare finansiering, då Statens landbruksforvaltning ikkje har nok pengar til å gjennomføre alle fem prosjekta. Utbyggingsprosjekta som får tilskot skal vere sluttført innan utgangen av 2015.