– Med bakgrunn i prosessen så langt, signal som har kome fram gjennom analysar, drøftingar og innbyggjarundersøkinga, peikar Volda seg ut som det realistiske alternativet, skriv rådmann Wenche Solheim i Ørsta i saksframlegget sitt om status for kommunereforma.

Dermed er ho på same linje som Volda-rådmann Rune Sjurgard når det gjeld kva kommune det er mest aktuelt å slå seg saman med.

Solheim meiner ei større samanslåing er mindre realistisk.

– Det er mange alternativ som står fram som mindre aktuelle, mellom desse er geografisk store alternativ som Søre Sunnmøre, og Søre Sunnmøre i kombinasjon med kommunar på Indre Sunnmøre og i Nordfjord, skriv ho.

Moglegheiter og trugslar

Ørsta kommune har gjennomført ein analyse av fordelar og ulemper ved ulike samanslåingsalternativ. Denne konkluderer med at ei samanslåing av Volda og Ørsta vil gi fleire moglegheiter:

– Realisering av samdriftsfordelar.

– Det gir regionen tyngde.

– Det gir meir kompetanse og variasjon i tenesteytinga.

– Det gir ein betre overordna og strategisk politikk.

– Det legg til rette for innsparing og felles løft.

Analysen peikar også på fleire trugslar for den nye kommunen.

– Lokalisering av kommunesenter.

– Usemje om verdifordeling.

– Fogderikamp og nominasjonsutfordringar.

– Frykt for å dele felles gode.

Kjensler og Tussa-aksjar

Når det gjeld trugselen om verdifordeling, trekk Solheim først og fremst fram Ørsta sine aksjar i Tussa.

– Ørsta kommune må avklare på kva måte verdiane skal fordelast før forhandlingane startar, meiner ho.

Solheim stiller også spørsmål ved kva rolle kjensler og identitet skal spele i debatten.

– Sterk tilhøyrsle til Ørsta som kommune «fortrenger» fakta og rasjonell tankegang. Vil kommunestyret ta omsyn til dette i forhandlingane, eller skal forhandlingar vere faktabaserte? spør ho i saksutgreiinga.

Solheim trekker også fram lokalisering av kommunesenter og stabsfunksjonar, og auka distanse til kommunale tenester og auka avstand mellom dei som styrar og befolkning/næringsliv som utfordringar i ein ny kommune.

– Desse utfordringane må drøftast i forhandlingane, seier rådmannen.

Ligg til rette i Ørsta og Volda

Ho meiner likevel mykje ligg til rette for at ei samanslåing med Volda kan bli vellykka.

– Ørsta og Volda har i dag eit godt utvikla samarbeid på fleire tenesteområde. Utgreiingane som ligg føre, mellom anna byregionrapporten, er tydelege på at Ørsta og Volda har svært gode føresetnader for vidare samarbeid og dermed felles utvikling mot den fjerde byen i fylket.

Ørsta-rådmannen meiner også at ein ny, større kommune kan vere betre i stand til å løyse store oppgåver som dagens kommunar slit med å realisere.

– Dette kan til dømes vere ny idrettshall i Ørsta eller campusutvikling/kulturanlegg i Volda.

Til liks med Volda, så skal ikkje politikarane i Ørsta ta stilling til kven dei vil slå seg saman med i denne omgang. Det skjer først neste år, og politikarane står fritt til å gå inn for det samanslåingsalternativet dei vil. I denne omgang vil Solheim starte førebuingar til ei folkerøyring, der ein intensjonsavtale med Volda blir eit vesentleg grunnlag.