– Vi må vere aktive og ikkje passive i debatten om kommunesamanslåing.

Per Are Sørheim (H) fortel at han har erfart at samanslåingsprosessar fort kan skyte fart. Han sikta då til erfaringar frå kraftbransjen, der Tussa og Tafjord slo saman nettselskapa sine til dagens Mørenett.

– Det du ikkje trudde var muleg året før, var realitet året etter. Ting kan skje veldig fort, og når det gjeld kommunesamanslåingar må vi vere om oss. Startar ting å bevege seg kan vi plutseleg ende opp med å stå utanfor. Vi må sjå oss rundt og sjå kva dei gjer i dei andre kommunane også.

Fem alternativ

Den same tanken hadde Rune Hovde (H). Til formannskapet tysdag la han fram fem ulike alternativ for kommunestruktur for vidare utgreiing:

1. Ørsta kommune åleine

2. Ørsta og Volda kommunar.

3. «Søre Sunnmøre», med Ørsta, Volda, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid kommunar.

4. Ørsta, Volda, Hornindal, Stryn og Stranda kommunar.

5. Søre Sunnmøre, Hornindal, Stryn, Stranda, Eid og Vågsøy kommunar.

– NHO fekk ei dramflaske og drakk heile på ein gong då dei foreslo heile Sunnmøre som ein kommune. Eg ser ingen andre tenke på same måte. Her er mange alternativ og det er vanskeleg å velje. Vi må setje ein stopp ein stad. Eg har prøvd å synleggjere vala vi har, sa Hovde, som understreka at dei fem alternativa ikkje er sett opp i prioritert rekkjefølgje.

Arbeidet med kommunereform er inne i fase 2 i høve Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin framdriftsplan. Dei bed no kommunane ta stilling til kva alternativ dei ønskjer å greie ut. Når dei seinare i prosessen skal gå ut og spørje innbyggjarane om kommunereforma og ny kommunestruktur (folkeavrøysting) vil dette danne grunnlaget for aktuelle samanslåingsalternativ.

– Dette er gode alternativ å jobbe vidare med, og det er eit godt utgangspunkt for å kome oss vidare i denne saka, sa Hans Olav Myklebust (Frp).

Karen Høydal (Ap) støtta også forslaga.

– Det vert svært spennande å sjå konsekvensutgreiinga og fordelar og ulemper med desse alternativa.

Det vert lagt opp til at kommunestyret får sak om faktaunderlag og alternativ i mai/juni.