– Viss det blir ei kommunesamanslåing tyder svært mykje på at det for Ørsta sin del ikkje er aktuelt med ei kommunesamanslåing utan at Volda, åleine eller saman med andre, er med i den nye kommunen. Det same ser ut til å vere tilfelle for Volda, men då med ”motsett forteikn”. Difor kan det vere rett å diskutere om vi skal inngå ein intensjonsavtale om dette før sommaren, slik at vi står saman når vi eventuelt diskuterer med andre kommunar. Dette gir tyngde og mulegheit til å oppnå dei beste løysingane for innbyggjarane, forklarar Rune Hovde.

Rapport

Volda-ordførar Arild Iversen er mykje samd, og peikar på den nye rapporten som Sunnmøre Regionråd har bestilt på vegner av kommunane. Der vert det rådd til at aktuelle kommunar utarbeider intensjonsavtalar med kvarandre.

Retning på arbeidet

– Dersom ikkje Volda og Ørsta held fram som eigne kommunar, er det truleg at vi går saman som ei ny kommune eller at vi opptrer samla overfor andre kommunar, seier Iversen.

Han ønskjer at Ørsta og Volda kommunar ser på kva ein intensjonsavtale kan innehalde for å gi retning på arbeidet fram mot endeleg vedtak om kommunesamanslåing før sommaren 2016.

– Ein intensjonsavtale bør i så fall utgreiast før sommaren slik at det ligg til rette for inngå slik avtale hausten 2015. Men dette må sjølvsagt kommunestyret seie sitt om før ferien, noko som vil inngå i vår statusrapport til Fylkesmannen før sommaren, seier Volda-ordføraren.

Ordførarane og rådmennene i Ørsta og Volda har drøfta dette seg i mellom, men det har ikkje så langt vore tid å leggje dette fram for formannskap eller kommunestyre.

– Volda kommune er no i ei formell kartleggings- og utgreiingsfase. Vi fokuserer ikkje på den endelege løysinga, men ønskjer først og fremst å lage eit godt avgjerdsgrunnlag for det nye kommunestyret som skal veljast til hausten, fortel Arild Iversen.

Det var på folkemøtet om kommunesamanslåing på Ørsta kulturhus torsdag at ordføraren slapp nyheita om intensjonsavtale med Volda kommune. Kring seksti personar møtte opp for å få informasjon om kommunereforma og prosessen fram mot samanslåing. Ordførar Rune Hovde informerte grundig og «underhaldande», og dei frammøtte vart utfordra til å meine noko om Ørsta kommune vil verte opplevd som betre, like god eller dårlegare som m.a. tenesteprodusent dersom Ørsta går saman med andre.