Fram til no har dei fleste moglegheiter vorte haldne opne når det gjeld kven som skal slå seg saman med kven på Søre Sunnmøre. No tek rådmann Rune Sjurgard i Volda til orde for å avgrense diskusjonen. Han ønskjer to alternativ som grunnlag for den vidare prosessen:

1. Volda held fram som sjølvstendig kommune.

2. Volda og Ørsta slår seg saman.

Det betyr at han går bort frå tanken om ein storkommune der seks eller sju kommunar på Søre Sunnmøre slår seg saman.

– Eg har teke initiativ til dialog med rådmannen i Ørsta, som vil legge fram ei sak med likelydande innstilling, seier Sjurgard.

Store utfordringar

– Eg ser for meg at det vil vere ei på det næraste umogleg oppgåve for dagens sju kommunar (på Søre Sunnmøre, red. merk.) å bli samde om kvar kommunesenteret skal liggje. Det er grunn til å tru at næringslivet og innbyggjarane vil vere opptekne av framtida for det senteret dei har i dagens kommune, skriv Sjurgard. Han held fram:

– Spørsmålet blir då om ein klarer å skape tryggleik for Volda som sentrum ved å slå seg saman med kommunane i ytre. Det vil vere lettare å skape trygge rammer for dette ved ei samanslåing av berre to kommunar. I Ørsta og Volda, som frå før er ein kvardagsregion med integrerte senterfunksjonar, der det er større grunnlag for å binde sentra saman til eitt felles senter.

NHO har teke til orde for store kommunale einingar, og at Søre Sunnmøre bør slå seg saman. Sjurgard trur ulempene i ein slik kommune vil vere store.

– Ved større kommunar enn eit samanslått Volda og Ørsta, vil det etter ei tid lett oppstå særlege forventningar til rasjonaliseringsgevinstar som i seg sjølve kan drive sentraliseringa. I tillegg kan geografien i Volda gi utfordringar knytt til lokaldemokratiet i bygdene, meiner Volda-rådmannen.

I minste laget

Sjurgard held moglegheita opa for at Volda kan halde fram som eiga kommune:

– Volda kommune er i minste laget, men likevel stor nok til å halde fram som eiga kommune. Kommunebarometeret viser at Volda over dei tre siste åra har utvikla seg til ei av dei best drivne kommunane i Noreg

Han er likevel klar på at ei samanslåing med Volda kan få positive konsekvensar.

– Eg har tru på at einingar som Volda og Ørsta kan utløyse god dynamikk mellom det offentlege, frivillige og næringslivet for framtidig verdiskaping. Eg vurderer fordelane ved ei å slå saman Volda og Ørsta til å vere større enn ulempene, skriv Sjurgard.

Fordelar og ulemper

Han trur ei samanslåing vil føre med seg fordelar innanfor dei tre områda tenesteyting, myndigheitsutøving og samfunnsutvikling:

– Innanfor tenesteyting fører auka forventningar og krav frå staten og frå publikum til at det er naudsynt med større kompetanse og ein sterkare økonomi.

– Innanfor myndigheitsutøving fører auka fokus på rettstryggleik, folk sine rettar og fleire lover og reglar til at storleiken på kommunen har mykje å seie for kor vidt vi kan halde oppe rett kompetanse.

– I rolla som samfunnsutviklar vil vi i større grad kunne sjå på utviklinga av regionen samla sett. Ein større kommune vil føre til at fleire føler eigarskap til sjukehuset og høgskulen, og kjempe for deira eksistens. Det same gjeld for domstolane, lufthamnene, Helfo, Lånekassen, med meir. Vi får større tynge når vi skal får gjennomslag hos staten, og vi blir ei motvekt mot sentraliseringskreftene.

Lokaldemokratiet kan likevel bli skadelidande i ei samanslåing, trur Sjurgard.

– Det blir auka avstand til dei styrande generelt og vanskelegare å få tak i ordføraren for den enkelte. Det er likevel positivt med fleire veljarar bak kvar representant. Ørsta og Volda vil heller ikkje bli ei så stor kommune at det blir særlege utfordringar med svekka demokrati.

Politikarane skal handsame notatet til rådmannen i neste kommunestyremøte. Sjølve avgjerda om kven Volda ønskjer å slå seg saman med blir ikkje teken før neste år.