Det fortel bustyrar, advokat Thore Heggen til Møre-Nytt.

Tidlegare i haust gjekk eigarane av samdrifta til skifteretten då dei hadde kome fram til at rekneskapen ikkje gjekk opp, og at dei var insolvente.

Rek­ne­skaps­ta­la vi­ser at selskapet har hatt po­si­ti­ve drifts­re­sul­tat alle drifts­år utan­om 2011. Likevel har botnlina vorte raud.

– Marginane har gått ned, og økonomien har vorte svekka over tid, seier bustyrar Heggen.

Resultat

Rek­ne­ska­pen frå 2013 syner eit års­re­sul­tat på 372.000 kro­ner. Det er gjort stør­re in­ves­te­rin­gar i sam­drif­ta, og des­se har i stor grad vore låne­fi­nan­si­er­te. Di­for har det også vore ein del kost­na­der med gjel­da.

Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som er den store kreditoren, jobbar no i samarbeid med eigarane i det konkursråka selskapet om å få til ny drift. Ingen ting er avgjort i saka.

– Det står att å sjå kva som vert konklusjonen. Første bod er å finne ut om det er grunnlag for vidare drift,  seier bustyrar Thore Heggen.

Dyra i samdrifta i Bondalen vert tekne hand om av gardbrukarane bak samdrifta.