– I utgangspunktet er ikkje økonomiske problem noko som er særeigent for samdrifter. Heile bransjen har store problem med likviditet og lønnsemd, seier organisasjonssjef Arnar Lyche i Møre og Romsdal bondelag.

I førre veke skreiv Møre-Nytt om FB Samdrift i Bondalen, som slo seg sjølve konkurs sist tysdag. Fem bønder gjekk saman om samdrifta, og investerte i ein fellesfjøs til rundt 10 millionar kroner.

– Det er andre samdrifter som har økonomiske problem, men det er også mange som går bra. Så det er ikkje ein eintydig trend at samdrifter går dårlegare enn andre gardsbruk, seier han.

Spesielle på to måtar

Lyche meiner likevel det er to ting som skil samdriftene frå vanlege gardsbruk.

– For det første er dei drivne meir som vanlege bedrifter. Ein har eit driftsbudsjett og ein har arbeidstakarar som tek ut løn. Dei økonomiske problema kan fort bli meir synlege med denne typen drift. På dei fleste gardar har det vore mykje dugnadsarbeid, særleg av borna til bonden eller kårfolket. Ei samdrift er mindre fleksibel på dette området, og lønsutgiftene kan dermed også bli større.

– For det andre har mange av samdriftene investert store summar i fellesfjøs og anna utstyr. Det fører til store utgifter. Likevel ser vi at dei som har gått inn i samdrifter, gjerne er bønder som hadde valet mellom å investere i utstyr på eigen hand, eller gå saman med andre bønder om det. Då var det nok enklare å få til det siste for mange, seier Lyche.

Høge forventningar

Samdrifter var ein stor trend mot slutten av 1990-talet og på starten av 2000-talet, ifølgje Børild Skåra ved landbrukskontoret for Ørsta og Volda. Då var det også ein del særordningar for desse. Desse har vorte gradvis avvikla.

– Trenden mot samdrift er ikkje så sterk i dag. Det er nok slik at for ein del har forventningane til effektivitet og lønsemd vore større enn det som viste seg å vere realiteten. I tillegg har mange av samdriftene mykje lånegjeld som følgje av investeringar, seier han.

Det er andre samdrifter som har økonomiske problem, men også mange som går bra