FB Sam­drift AS er­klær­te seg sjøl­ve kon­kurs tys­dag den­ne veka.

– Dei har i fel­les­skap kome fram til at dei er in­sol­ven­te. Det vil seie at dei ut­gif­te­ne dei­ra er stør­re enn inn­tek­te­ne kan hand­te­re. Det er med and­re ord in­gen and­re som har slått dei kon­kurs, dei har kome fram til det­te sjøl­ve, sei­er bu­sty­ra­ren i FB Sam­drift, ad­vo­kat Tho­re Heg­gen i Stryn, til Møre-Nytt.

Dyra i samdriftsfjøsen er et­ter det han for­står sam­drif­ta sin ei­ge­dom.

– Men det­te må eg ta at­ter­hald på. Kon­kur­sen vart opna for kort si­dan, og eg har ik­kje fått saks­do­ku­men­ta enno. Eg har uansett fått for­sik­rin­gar om at dyra vert stel­te og tek­ne hand om et­ter kon­kur­sen, sei­er han.

– Kva med mjøl­ke­kvo­ta­ne? Er dei ein del av kon­kurs­bu­et?

– Slik eg har for­stått det, er ik­kje mjøl­ke­kvo­ta­ne knytt til sam­drif­ta. Dei høy­rer til bøn­de­ne, sei­er bu­sty­ra­ren.

Si­dan 2006

FB Sam­drift AS, som også har gått un­der nam­net Frem­re Bon­da­len sam­drift, vart stif­ta då fem bøn­der i Bon­da­len gjekk sa­man om drif­ta i 2006. Bedrifta var ein av fire større samdrifter i Ørsta kommune.

Iføl­gje ein ar­tik­kel i Møre-Nytt i 2009, vart det in­ves­tert i ny fjøs til 10 mil­li­o­nar kro­ner då samdrifta vart starta. Berre 600.000 av dette kom som tilskot frå staten.

Rek­ne­skaps­ta­la til Sam­drif­ta vi­ser at dei har hatt po­si­ti­ve drifts­re­sul­tat alle drifts­åra utan­om 2011. Fi­nans­kost­na­de­ne har li­ke­vel ført til at års­re­sul­ta­tet har enda på mi­nus­si­da flei­re år.

Den sis­te re­gist­rer­te rek­ne­ska­pen, frå 2013, vi­ser eit års­re­sul­tat på – 372.000 kro­ner. – Det er gjort stør­re in­ves­te­rin­gar i sam­drif­ta, og des­se har i stor grad vore låne­fi­nan­si­er­te. Di­for har det også vore ein del kost­na­der med gjel­da, sei­er bu­sty­rar Heg­gen.

I skif­te­ret­ten 17. de­sem­ber

Det lyk­kast ik­kje Møre-Nytt å kome i kon­takt med sty­re­lei­ar Ole Jo­han Rek­ke­dal el­ler dag­leg leiar Arne Rek­ke­dal for eit in­ter­vju ons­dag. I kon­kurs­op­nin­ga hei­ter det at alle føre­spur­na­der i sam­band med kon­kur­sen skal ret­tast til bu­sty­rar.

Første skif­te­sam­ling blir heldt 17. de­sem­ber i Søre Sunn­mø­re ting­rett i Vol­da. Krav i buet må vere meldt til bu­sty­rar in­nan 16. de­sem­ber.

Bustyrar: Advokat Thore Heggen i Stryn styrer konkursbuet etter FB Samdrift AS. Foto: Privat