Han er lokalpolitikar i Frogn kommune der det også no vert diskutert om kommunen skal slå seg sama med naboar, slik som i Ørsta/Volda. Sigbjørn Kvistad etterlyser ein debatt og prosess basert på meir fakta.

– Det er eit hovudproblem at kommunesamanslåingsdebatten omtrent ikkje er faktabasert ut ifrå hensikt, mål og verkemiddel. Det meste ber preg av at det må verte samanslåing, og omtrent ingenting om kvifor. Der kunne Stortinget og Regjeringa ha lagt opp grunnlaget på ein langt betre måte før debatten vart starta. No går mykje av den i ei slags skodde, opplever Kvistad.

Han er på ingen måte overtydd om at større kommunar er det rette.

– Nei, noko av det som er vanskelegast å forstå, er påstanden om at kvaliteten på lokaldemokratiet vert betre ved store einingar, når realiteten vert færre folkevalde, og større avstand mellom dei styrte og dei som styrer.

Effektivisering

– Ein av stordriftsfordelane må jo vere samlokalisering og effektivisering. For dei fleste som vurderer samanslåing vil det til dømes bety sentralisering, og eitt rådhus. Og det skal vel ikkje stor fantasi for å tenkje seg at det vil føre til heftige diskusjonar, seier Kvistad.

For handelsnæringa meiner han det vil bety mykje om ein stor arbeidsplass med mange tilsette vert fysisk flytta, både for dei som taper handel, eller vinn.

– Miljøet vil også tape på det fordi fleire skal forflyttast med bil. Er det dette innbyggarane i noverande kommunar ynskjer? Kommunesamanslåing er svaret, men kva er spørsmålet?

Kvistad vedgår at han er litt bekymra for lokaldemokratiet si framtid og lokalt sjølvstyre som ein grunnpilar i det demokratiske systemet vårt.

– Det er ikkje lagt gode premissar for ein slik debatt frå Stortinget og Regjeringa, difor vert mykje basert på at samanslåing av kommunar er svaret, men ein gong til: Kva er eigentleg spørsmålet?

Takast

– Skal ikkje politikarane ta debatten i det heile?

– Jau, debatten både må og skal takast. Og det kan godt hende at nokre av dei mindre kommunane i Noreg ønskjer å slå seg saman. Sjølv om kommune-Noreg eiga avis Kommunal Rapport i sine undersøkingar om landets beste kommunar, konkluderer med at det er små kommunar som Lom, Høylandet og Oppdal som kjem best ut basert på 115 sentrale nøkkelomgrep, seier Kvistad.

Han meiner dei spørsmåla som den einskilde innbyggjar, familie og næringsliv stiller seg og ønskjer svar på, er om tenestetilbodet som kommunen skal levere har kvalitet, er tilpassa behova, er kostnadsrette, tilfredsstiller behova når det gjeld til dømes skule, barnehage, SFO, helse, pleie og omsorg, kultur, næringsutvikling, økonomistyring osv.

Dårlegare?

– På «botnlinja» handlar det eigenleg om dette. Vil noko av dette verte betre eller dårlegare ved ei eventuell samanslåing? Ingen har hittil det eg har sett gitt noko godt svar på det. Difor handlar debatten om kommunesamanslåing mykje om synsing, opplever Sigbjørn Kvistad.

I Drøbak der han bur vert det no diskutert om tida er inne for ein eigen Drøbak kommune. Drøbak er i dag del av Frogn kommune som ligg i regionen Follo.