- Eg er overraska over at det er så mange som 78 prosent i Ørsta som seier at dei er samde med regjeringa i at det må kome kommunesamanslåingar. Men eg er ikkje overraska over at det er eit fleirtal for dette.

Det seier ordførar i Ørsta, Rune Hovde, etter å ha fått presentert granskinga Sentio research har gjennomført om kommunesamanslåing på Sunnmøre.

Ho fortel at folk i Ørsta og Volda er mest gifteklare.

Når Hovde seier at han ikkje er overraska, er det utifrå samtalar han har hatt med folk på gata i Ørsta.

- På den andre sida har eg høyrt frå motstandarar at dei med stor styrke har hevda at ingen er positive. Då må ha ein annan omgangskrins enn meg, seier Hove.

Han understrekar at utvalet til spørjegranskinga ikkje har vore stort.

- Difor er dette meir som eit stemningsbilete, og ein tendens. Likevel er det eit signal om å ta prosessen om kommunesamanslåing vidare, og at det skal vere ein skikkeleg prosess. Om nokre år skal vi stå oss på at det vi gjorde i forkant av kommunesamanslåinga var eit godt arbeid, seier Hovde.

Heile 94 prosent av dei spurde frå Ørsta seier at dei vil slå seg saman med Volda ved ei kommunesamanslåing.

Det overraskar heller ikkje Hovde.

- Nei, når Ørsta og Volda peikar seg ut slik vi gjer, er det fordi tanken om kommunesamanslåing har mogna seg ei stund, seier Hovde.