Motstanden i kommunestyret verkar å vere såpass stor at resultatet kan verte at Ørsta seier nei. Og viss kommunestyret til slutt seier nei, vil det skje etter ei rådgjevande folkerøysting.

Debatten om prosessen mot kommunesamanslåing i kommunestyret i Ørsta torsdag vart langt heitare enn det som var føresett. Formannskapet hadde lagt fram ei samrøystes tilråding, og sjølv om det var skepsis også der, var det semje om å kome i gang med prosessen.

Ikkje ørsting saman med Volda

Men i kommunestyret møtte saka motstand.

Jostein Mo (Ap) var tydeleg.

- Det er forferdeleg greitt å vere ørsting, men ikkje saman med Volda. Eg synest arbeidet mot samanslåing vert heilt feil når vi er på veg til å verte ei god Ørsta kommune.

Varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF) var også skeptisk. Mykje fordi det ikkje er klarlagt kva oppgåver dei større kommunane skal ha, og mykje fordi han trudde mykje vert dyrare.

Vil ikkje vere med toget

- Og kva skal dette gagne då? Spurde Hovden, og svara sjølv: Toget går no, og det treng vi ikkje vere med på.

Pål Heggestad (Frp) var minst like skeptisk som Mo og Hovden.

Skabbete kyrkje

-  For femti år sidan herja Schei-komiteen. Vartdal vart lagt under Ørsta. Vartdal var då velståande. Men Vartdal vart med eit pennestrok ein utkant og ein salderingspost. Sidan har Vartdal hatt hendene fulle med å bevare. No er legekontoret på veg  vekk, sjukeheimen skal leggjast ned. To skular er  lagde ned. Kyrkja står der målingslaus og skabbete, sa Heggestad.

Etter kvart reagerte ordførar Rune Hovde.

Innafor ein mur

- Skal eg tolke debatten her, kan prosessen verte stoppa no. Då seier eg at vi ikkje berre målar oss inn i eit hjørne, men vi byggjer oss inn innafor ein mur med stor murstein, sa Hovde.

Etter ein del møteaktivitet vart det avklart at heile kommunestyret, minus Signe Turid Barstad frå Sp, røysta for at prosessen skal starte. Men fleirtalet mot Høgre og Venstre sine røystar vedtok eit punkt der det vart kravd folkerøysting innan 30. juni 2016 om Ørsta skal slå seg saman med ein eller fleire kommunar, eller late vere. Venstre og Høgre er ikkje i mot folkerøysting, men meiner dette spørsmålet må handsamast innafor ramma av den vedtekne prosessen.