– Eg hadde helst sett at denne aksjonen var unødvendig. men eg er samd i at det var på sin plass å markere misnøye så lenge vi ikkje får gjennomslag for krava våre, sa Odd Bjarne Bjørdal.

Han er styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag, og bonde i Hjørundfjord. Bjørdal synest det er trist at dei må ty til denne type aksjonar for å kome i ein betre forhandlingsposisjon.

– Det er dessverre nødvendig når vi ikkje får større gehør på andre måtar. Personleg synest eg det er trist at ikkje fleire stortingspolitikarar ser verdien av den jobben vi gjer med matproduksjon og på andre område. Dersom Stortinget ikkje snur i denne saka er det eit signal om at forhandlingsinstituttet kan gå sine eigne vegar utan at det får konsekvensar. Det er i så fall ikkje bra for framtidige forhandlingar, seier Bjørdal til Møre-Nytt.

Stolt over engasjementet

Han føler tida er inne for at stortingspolitikarane signaliserer at dei ønskjer å satse på landbruket, i form av betre vilkår for næringa. Han ønskjer også ein meir føreseieleg politikk enn det som har vore tilfelle dei siste åra. Bjørdal meiner det er nødvendig for å klare å rekruttere ungdomar inn i landbruksnæringa. Dagens ungdom har langt fleire moglegheiter enn det Bjørdal og hans generasjon hadde då dei var i tenåra.

– Det mest imponerande med aksjonen synest eg er det sterke engasjementet. Eg er imponert over at det i mai månad, som er ein av dei travlaste månadene for ein gardbrukar, kjem folk frå alle landsdelar for å ta del i aksjonen. Det vitnar om at folk er dedikerte og verkeleg bryr seg om dette, sa Bjørdal. Han har forståing for at mange av kollegaene er opprørte over at det har kome staten argumenterer med prosentvise aukar, medan auken i reine kroner er låg.

Tek til motmæle

– Slaget står først og fremst om auken i driftstilskota, og på at innmarkstilskota skal fjernast og flyttast over på utmarksnæringa. Eg likar også dårleg at det har vorte prata om å fjerne avløysartilskotet. Dårlegare rammevilkår kan føre til at det blir fleire som kastar inn handkledet og startar med noko anna. Det bør vi unngå, all den tid mange har eit sterkt ønske om at den norske matproduksjon skal haldast oppe og helst aukast, forklarte Bjørdal til Møre-Nytt sin utsende i Oslo.

Han er spent om politikarane har ryggrad til å gjere noko med forslaga som er komne. Bjørdal trur mange set pris levande bygder rundt omkring ii landet. Han driv sjølv med sau og ammekyr, og meiner kongeriket treng alle typar bruk, små, mellomstore og store. Det er også det bondelaget ønskjer.

– Det er ikkje topografi og naturgitte tilhøve til så store gardar på Vestlandet. Difor blir det vanskeleg for meg og dei alle fleste dersom det blir politisk gjennomslag for å berre satse på dei store bruka. I så fall kjem hovudtyngda av gardane til å ligge på Jæren og det sentrale austlandsområdet, der det ligg meir til rette for den type bruk, sa Odd Bjarne Bjørdal.

Svein Halvor Moe