Det sa Steinar Reiten (KrF) då han besøkte meieriet i Ørsta måndag. Reiten er førstekandidat for Møre og Romsdal KrF før stortingsvalet til hausten.

Jordbruksmeldinga

Stortinget har sagt at dei framleis ønskjer marknadsregulering av jordbruksråvarer, som skal sikre ei stabil forsyning av varer til ein tilnærma lik pris. Dette sikrar også produsentane stabil avsetning og stabile prisar. Tine SA er marknadsregulator i mjølkesektoren. Dei har mottaksplikt for mjølk frå alle produsentar.

I jordbruksmeldinga ønskjer regjeringa å endre på dette, der vert det foreslått å oppheve mottaksplikta Tine-systemet har for geitemjølk. Næringa fryktar at dette kan føre til nedlegging av dei bruka som ligg lengst unna eit meieri. Det er no brot i forhandlingane om jordbruksmeldinga.

Landbruksminister Jon Georg Dale har tidlegare sagt til Møre-Nytt at endringa må til for å skape balanse mellom etterspurnad og produksjon.

– Tjue prosent av geitemjølka vert ikkje menneskemat, og næringa har ei stor oppgåve med å skape balanse mellom etterspurnad og produksjon.

Føreseieleg

På møtet på meieriet var også eigarutvalsmedlem i Tine Midt, Birgit Oline Kjerstad. Ho seier at Tine har stor tru på marknadspotensialet for geitemjølk. Tine jobbar målbevisst for at meir geitemjølk skal få god kommersiell bruk.

– Mellom anna er kvaliteten på geitemjølka no så god, at vi blandar stadig meir inn i brunosten. Vi har også lansert ein ny fast geitost som vi ventar vil løfte salet på sikt. Det er vår ambisjon å skape vekst.

Det er 27 geitemjølkprodusentar i nærområdet til meieriet i Ørsta, som til saman leverer ca. tre millionar liter mjølk årleg (2,7 mill. liter). Meieriet tek imot til saman 20 millionar liter geitemjølk frå heile Sør-Noreg.

– Mange er nyinvesterte bønder. Det vil seie at dei har store lån og treng føreseielege forhold for drifta si. Då må denne ordninga halde fram. Dei må vite at dei får levere. Dette heng også saman med kultur og tradisjon. Det må vi ikkje gløyme. Å drive med geitemjølkproduksjon er ikkje noko du berre hoppar inn i, utan god kjennskap til kva det dreier seg om. I tillegg er det med på å halde kulturlandskapet i hevd, noko som er ein viktig omdømefaktor for Noreg, seier Kjerstad.

Ho fortel at Tine meiner det er viktig å vidareføre hovudtrekka i dagens produksjonsordning for mjølk.

God ost

Geitemjølk har hatt ord for seg om å vere beisk og sterk i smaken, men dei siste åra har det nærast skjedd ein revolusjon, gjennom avl og godt dyrehald. Geitemjølka som vert produsert i dag er mykje mildare.

– Eg må innrømme at eg er ein av dei som har gått omvegar forbi geitosten i butikken, med den sterke smaken frå barndommen friskt i minne, men dette er noko anna. Dette var kjempegodt. Her fekk eg brote ned nokre fordommar. Eg kjem til å handle Snøfrisk heretter, sa ein noko overraska Steinar Reiten etter å ha prøvd Ørstaosten for første gong.

Han lovar å stå på for Ørstameieriet.

– Når vi har ein landbruksminister frå Volda, som legg opp til ei rasering av geitemjølkmarknaden, då har han eit forklaringsproblem i Møre og Romsdal og sitt eige lokalsamfunn, når vi ser kor viktig denne næringa er for dette området. Eg vil kjempe det eg kan, forsikra Reiten.

– Vi er takksame for innsatsen KrF har gjort for i arbeidet med ny stortingsmelding om landbruk. KrF har saman med næringskomiteen bidrege til at geitemjølka ikkje vert teken ut av marknadsordninga for mjølk, og løfta fram behovet for målretta satsing på både små og mellomstore mjølkebruk, seier Kjerstad.