– Prosentar har ikkje mykje å seie for oss. Det er kroner og øre som tel, sa Geir Hole, leiar i bondelaget i Ørsta, som svar på landbruksdepartementet sitt argument om at bøndene har hatt god prosentvis vekst i inntektene.

Bøndene slår fast at dei har ei svakare utvikling enn resten av samfunnet.

– Prosentane blir høge når utgangspunktet er lågt. Kva ville du helst hatt av ti prosent auke på 200.000 og seks prosent auke på 400.000? spurde Knut Hustad, engasjert bonde på Sæbø.

Tysdag vart det brot i forhandlingane mellom jordbruksorganisasjonane og staten. Det betyr at jordbruksoppgjeret skal til behandling i Stortinget 16. juni. Også Senterpartiet og Arbeidarpartiet, representert ved ordførar Stein Aam (Sp) og Jostein O. Mo (Ap) deltok under aksjonen torsdag.

– Det må eit regjeringsskifte til hausten til for å få betring i jordbrukspolitikken, var meldinga frå Aam.

Han vedgjekk likevel at ikkje alt var roseraudt då Sp sat i regjering heller. Det var til dømes brot i oppgjeret da Lars Peder Brekk (Sp) var landbruksminister i 2012.

– Senterpartiet angra bittert på det etterpå, og du skal tru meg på at heller ikkje dagens regjeringa synest dette er kjekt. Og vi gjer ikkje dette for å felle regjeringa, vi gjer det for å få meir pengar i kassa. Landbruket må finne seg i at Høgre og Frp sit i regjering, men vi kan ikkje finne oss i ei regjering som styrer oss nord og ned, sa Knut Hustad.

Les meir i Møre-Nytt laurdag.