Det skriv ordførar Stein Aam (Sp) i ei fråsegn frå Ørsta kommunestyre. Også ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda har signert fråsegna, der dei trekkjer fram viktige særpreg ved meieriet.

– På Sunnmøre er det stort fagmiljø og stor produksjon innan geitehald. Naturgrunnlaget med bratte fjellsider i eit fjordlandskap med rikt artsmangfald av gras og urter gi god mjølkekvalitet. Geita nyttar andre utmarksbeite enn sau og andre beitande husdyr. Geiranger med omland står på UNESCO si verdsarvliste, og vedlikehald og drift av kulturlandskapet er avgjerande for denne posisjonen. Geitehaldet på Sunnmøre spelar ei avgjerande rolle i arbeidet med å forvalte kulturlandskapet i verdsarvområdet og elles på Sunnmøre, og som ein del av turistnæringa i regionen.

Kommunikasjon

Også plasseringa trekk dei fram som unik og viktig for meieriet.

– Ørsta har gode kommunikasjonar og ei strategisk plassering på Sunnmøre og Nordvestlandet. Dette er særs viktig for alle ledd i produksjonskjeda av mjølkeprodukt; for produsentane, for meieriet som foredlar mjølka, og for distribusjonen av ferdige varer. Til sist konsumentane som nyt gode kvalitetsprodukt basert på kortreiste råvarer. Det bør også vere ei eigeninteresse for Tine SA å produsere kortreiste produkt, av omsyn til kvalitet og berekraftig produksjon.

Arbeidsplassar

– Dei lokale arbeidsplassane ved meieriet i Ørsta er viktige isolert sett. 51 arbeidsplassar ved Tine Meieriet Ørsta står i fare ved ei eventuell nedlegging. Potensielt står ytterlegare arbeidsplassar i mjølkeproduksjonen på Sunnmøre i fare. Reduksjon av arbeidsplassar vil svekke heile landbrukssektoren, som er av dei største og viktigaste næringane i kommunen og regionen.

– Ørsta kommunestyre oppmodar på det sterkaste Tine SA om å satse vidare på Tine Meieriet Ørsta, står det i fråsegna som svar på Tine SA sine varsla planar om å legge om strukturen i selskapet.