Det seier Norvald Dalsbø, konsernstyremedlem i Tine i samband med høyringsprosessen kring meieriet.

Tysdag deltok han på eit møte i Ørsta regi av produsentlaga der rapporten frå gruppa som har vurdert strukturendringane for meieria vart lagt fram. Intern informasjon gjorde at møtet vart lukka for pressa.

Ligg i korta

Grunna store innsparingskostnader ligg det i korta at Ørsta-meieriet misser småostproduksjonen til Elnesvågen, brunostproduksjonen til Lom, Skjåk og Byrkjelo – og at kvitostproduksjonen i Ørsta vert avvikla.

Dette åleine vil bety ei halvering av talet på tilsette ved Ørsta-meieriet.

– Berekningane av lønsemd med å gjere dette grepet er svært tydeleg, og eg trur resultatet i strukturrasjonaliserings-rapporten vil stå seg, sjølv om ein alltid må vere open for nye moment, seier Norvald Dalsbø.

For at Ørsta-meieriet ikkje skal verte lagt ned, må meieriet få halde opp kremostproduksjonen. Kampen står mellom meieriet i Hardanger og i Ørsta. I dag er det heilt ope kven av dei som skal produsere kremost for framtida.

– Desse meieria kjem veldig likt ut, ja, så likt er det at ein eventuell differanse for det eine eller det andre ligg langt innanfor ein feilmargin. Difor står ein per i dag berre framføre å gjere eit val – anten Ørsta eller Hardanger. Likt på begge stader er frykta for arbeidsplassane, seier Dalsbø.

Han ser føre seg eit svært vanskeleg val når konsernstyret i Tine i juni skal avgjere saka.

– Når ein kjem så likt ut som Ørsta og Hardanger gjer, er det ei totalvurdering som må liggje til grunn. Det er ingen tvil i at ørstingane meiner at alt talar for ei vidareføring av kremosten i Ørsta. Men det same meiner dei også i Hardanger. Ørstingane må leite fram alle moglege argument for å bevare meieriet, og vise til synergieffektane, forklarar Dalsbø.

Han sit no for tredje året i Tine sitt konsernstyre. Konsernet går så det susar med milliardoverskot. Ein stor del av årsaka ligg i strukturendringar. Dette har også eigarane, bøndene, stor økonomisk glede av.

– Norsk landbrukspolitikk gjer at vi i Noreg har over dobbel så høg mjølkepris som svenskane og Europa dessutan. Rasjonaliseringa har bidrege svært mykje til den gode økonomien i Tine, seier Norvald Dalsbø.

Han gjer det klart at rasjonaliseringa i meieristrukturen skal halde fram.

– I dag har vi eit trettitals meieri i landet. Vi skal ned på tjuetalet. For vi er nøydde til å utnytte rasjonaliseringspotensialet. Det er viktig for TINE å ha nok konkurransekraft til å tole auka konkurranse frå Noreg og utlandet, seier Dalsbø.