Dei tilsette vart orienterte om situasjonen i eit allmøte tysdag. Tine planlegg effektivisering av produksjonen, og at det kan føre til nedlegging av meieriet om 3-5 år.

I verste fall kan heile Ørsta-meieriet med rundt 50 tilsette ryke.

- Eg har frykta strukturendring, men det som no kjem fram er endå verre enn føresett. Og dette er alvorleg. No må vi mobilisere det vi kan og kjempe heilt til slutt for å kunne oppretthalde Ørsta-meieriet.  Vi skal stå på saman med dei tillitsvalde, seier ordførar Stein Aam.

Rapport

– Ein rapport viser at Tine kan redusere dei årlege konstadene med 70 millionar kroner ved å optimalisere industrien. Etter ei intern drøfting og høyring går saka no til endeleg avgjerd i konsernstyret, mest truleg før sommaren, skriv Tine i ei pressemelding.

Om forslaga i rapporten blir vedtekne, vil det bety:

- Flytting av småostproduksjonen i Ørsta til Elnesvågen. - Flytting av brunostproduksjonen i Ørsta til Lom og Skjåk og Byrkjelo. - Avvikling av kvitostproduksjonen i Ørsta. - Samling av all kremostproduksjonen i Tine og nedlegging av eitt av meieria i Hardanger eller Ørsta.

Styret avgjer

Rapporten kjem ikkje med forslag om det er Hardanger eller Ørsta som bør verte lagt ned.

- Driftsøkonomisk er det ikkje skilnad på desse meieria. Så her gjeld det å kome med dei beste argumenta for meieria, seier Johan Farestveit, betrings- og kvalitetssjef i Tine til Møre-Nytt.

Det er altså konsernstyret som til slutt avgjer om det vert nedlegging i Ørsta, eller om kremostproduksjonen blir samla her. Uansett legg forslaga opp til store kutt i produksjonen i Ørsta.

- Inga lystig stemning

Dei tilsette ved Ørsta-meieriet mottok bodskapen om mogleg nedlegging på eit allmøte tysdag ettermiddag.

- Det er inga lystig stemning her no. No må vi berre prøve å gjere det beste ut av situasjonen, seier tillitsvald Lizz Trine Amoroso.

Meierisjef Bente Reklev seier at ho var orientert om strukturprosessen.

- Eg visste at de gjekk føre seg slikt arbeid, men ein kan likevel aldri vere budd på utfallet. Framtidige behov og innsparingar i driftskostnader styrer prosessen, konstaterer Reklev.

Konkurranse

Det blir også føreslått å legge ned meieriet på Voss, og å bygge om meieriet i Elnesvågen.

- Endringar i etterspurnaden innanlands og bortfall av eksportsubisidar gjer at vi må tilpasse industrien vår. I dette ligg det også moglegheiter for å betre effektiviteten og fleksibiliteten på kvitost, brunost og andre produktgrupper. Med stadig aukande konkurranse, ikkje minst frå import, er det viktig at Tine driv ein mest mogleg effektiv industri, seier Per Ivar Berg, som er konserndirektør for produksjon, i pressemeldinga.

Vil spare 70 årsverk og 70 millionar

Tine skal spare 70 millionar kroner om effektiviseringa blir vedteken. Om styret vedtek å legge ned to meieri, vil det vere behov for om lag 70 årsverk færre enn i dag. Det inkluderer utfasing av Jarlsberg-produksjonen for eksport. Kutt i eksportstøtten til Jarlsberg er ei viktig årsak til at prosessen er sett i gang, ifølgje Tine.

- Vi skal ta vare på alle som blir råka av desse endringane gjennom retningslinjene vi har for omstilling. Eg har stor forståing for at mange av medarbeidarane våre kjenner på ein utrygg jobbsituasjon, men vi skal ta oss av kvar enkelt medarbeidar for å skape mest mogleg tryggleik. Dette har vi gjort mange gonger før med godt resultat, seier Berg.

I tillegg til dei økonomiske vurderingane, har Tine gjennomført risikovurdering, arbeidsmiljøundersøkingar og rekna på miljøeffekten i arbeidet med rapporten.

Tine-meieriet i Ørsta kan blir lagt ned om 3-5 år.