I det opphavlege framlegget til nytt inntektssystem låg Ørsta an og Volda an til å tape høvesvis 5,9 og 7,6 millionar kroner årleg i inntekter frå staten. Medan alle kommunar i dag får eit likt basistilskot, blir dette no differensiert.

No har regjeringspartia forhandla med Venstre, og kome fram til ei semje. Pisken for Ørsta og Volda har vorte mindre som følgje av forhandlingane med Venstre.

Basistilskotet til Ørsta blir 2,2 mill. kr lågare, men distriktstilskotet aukar med om lag 163.000 kroner, ifølgje ei oversikt frå Kommunal- og regionaldepartementet. Den samla effekten blir difor like over 2 millionar kr i årleg tap samanlikna med i dag.

For Volda sin del blir effekten noko større, med ein samla effekt som viser eit tap på litt over 2,5 millionar kroner årleg.

Mindre viktig

Ordførarane i Ørsta og Volda er samde om at inntektssystemet no blir ein mindre viktig faktor i samanslåingsdebatten.

- Om fleirtalet under folkerøystinga bikkar mot nei, står vi i ein enklare situasjon enn vi ville gjort dersom vi tapte så mykje som det låg an til, seier Stein Aam, ordførar i Ørsta.

- Dette gjer det mindre ugunstig for oss å stå åleine, men inntektssystemet har aldri vore eit hovudargument for samanslåing frå vår side, seier Jørgen Amdam i Volda.

Tala frå departementet gjeld dersom kommunekartet blir som i dag, og Amdam legg til at ei samanslåing også gir ekstra inntekter frå staten i form av spesielle støtteordningar. Dersom Ørsta og Volda vel å slå seg saman, får dei  også behalde to basistilskott i 15 år før det blir trappa ned til eitt.

- Gjer dette økonomi til eit mindre viktig spørsmål under folkerøystinga 19. mai?

- Eg trur nokre framleis vil legge vekt på økonomi, men eg trur også ørstingane vil sjå på det store bildet i denne saka,  seier Stein Aam.

- For voldingane trur eg nok det er andre ting som vil bli prioritert når dei skal ta avgjerd i denne saka, seier Jørgen Amdam.

Straffar dei små

Andre kommunar kjem langt dårlegare ut av det nye inntektssystemet enn Ørsta og Volda. Det gjeld særleg dei veldig små kommunane, på grunn av at staten innfører eit skilje mellom «ufrivillig små» og «frivillig små» kommunane. Kommunane som sjølve vel å vere små, får ikkje lenger dekt utgifter som skuldast smådriftsulemper. Dette gjeld til dømes Hornindal, Sande og Vanylven.

Dei store byane kjem godt ut. Oslo får over 150 millionar meir i tilskot, medan Bergen får over 60 mill. kr meir.

Merk: Tala frå departementet tek ikkje høgde for vekst i frie inntekter og dei er utan oppdatering av kostnadsnøklar og utan inntektsgarantiordninga.

<strong>Har fleirtal:</strong> Jan Tore Sanner har forhandla med Venstre, og fått fleirtal for eit nytt inntektssystem for kommunane.