Det er gjort likelydande vedtak i kommunestyret i Volda. Folkerøystinga vert 19. mai.

Det vart lite debatt om saka i kommunestyret. Ola Perry Saure (Sp) gjorde det klart at han vil respektere fleirtalssynet i ei folkerøysting.

– I fyrste omgang er det no viktig å få ut god informasjon om folkerøystinga. Seier folket ja, røystar Sp ja til samanslåing i kommunestyret. Seier folket nei, røystar Sp nei, sa Saure.

Respektere

På spørsmål frå Anne Ellingsen (V) om Sp vil respektere resultatet i folkerøystinga uansett valdeltaking, stadfesta Saure dette.

– Eg vil halde meg til dei som faktisk møter på folkerøystinga, sa Saure.

Per Are Sørheim (H) peika på at intensjonsavtalen er klar.

– Det gjer at innbyggjarane i Ørsta får eit tydeleg val. Eg håper vi fram mot folkeøystinga får ein god debatt, og at alle kjem på bana. Ein god debatt vil vere viktig for prosessen vidare, sa Sørheim.