460 dekar landbruksareal vart omdisponert i denne perioden, viser ei oversikt frå Landbruksdirektoratet. Det svarar til om lag 66 fotballbaner på storleik med Ullevaal stadion.

– Ørsta var med det den kommunen som omdisponerte mest dyrkajord i heile Møre og Romsdal, skriv landbrukskontoret i Ørsta og Volda.

Volda ligg på andreplass på lista, og omdisponerte 296 daa dyrkamark desse åra.

Møre og Romsdal som fylke er heller ikkje nokon jordvernbastion, og er eit av fylka med størst bortfall av dyrkajord, ifølgje Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Nedbygginga av dyrkamark var særleg stor i 2013 og 2014.

Follestaddalen

Tysdag gav landbruksnemnda i kommunen  si tilråding i høyringsrunden om planane om eit framlegg til reguleringsplan som omregulerer 2,5 daa dyrkamark på Myklebust i Follestaddalen for å legge til rette for turisme i området.

Landbrukskontoret rådde politikarane i nemnda til å «gå sterkt imot dei planlagde tiltaka på areala mellom fylkesvegen og Follestaddalselva». Dei viser mellom anna til den sterke nedbygginga dei siste åra som grunngiving for tilrådinga. Nemnda slutta seg samrøystes til tilrådinga.

Området i Follestaddalen ligg innanfor Ørsta sitt kjerneområde for landbruk, og landbrukskontoret kallar det eit av dei beste og mest verdifulle landbruksareala i kommunen. Fylkesmannen har allereie levert ei motsegn med mange av dei same argumenta som landbrukskontoret framfører.

Den andre delen av planen tek føre seg område på den andre sida av vegen. Omregulering her er det ikkje protestar mot, men landbrukskontoret føreset at det blir sett i gang nydyrking for å erstatte den tapte dyrkajorda.

Sentrale område

Møre-Nytt får opplyst frå landbrukskontoret at størstedelen av areala som har vorte omdisponerte sidan 2007 ligg i dei sentrale områda i kommunen.

– Vi opererer alltid med omdisponert areal. Det betyr at areala er omdisponerte frå LNF (landbruks-, natur- og friluftsområde) til andre føremål, og nok blir bygde ned litt etter litt, forklarer Roger Nedreklepp ved Ørsta og Volda landbrukskontor. Dei omdisponerte /nedbygde områda er altså ikkje nødvendigvis tekne i bruk til andre føremål enno.

I 2015 vedtok kommunestyret ein ny kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda. Her vart det vedteke ytterlegare omdisponering av landbruksareal. Om lag 45 dekar dyrkamark i Ørsta kommune vart bygd ned i 2015. Dette kjem altså i tillegg til dei 460 daa som vart omdisponerte mellom 2007 og 2014.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er tydeleg på si meining om nedbygginga i motsegna til reguleringsplanen i Follestaddalen:

– Noko av føresetnadene for omdisponeringa av jordbruksareal i sentrum og Hovdebygda var at jordvernet skulle prioriterast utanfor planområdet for kommunedelplanen. Vi ber kommunen om å ta dette på alvor, og må minne om at jordvern er eit viktig omsyn som kommunal planlegging skal vareta.

- Trist og urovekkjande

Rådgivar Tormod Meisingset hos fylkesmannen er kritisk til nedbygginga av dyrkamarka i fylket:

– Det er trist og urovekkjande. Vi har ei nasjonal målsetjing om å auke matproduksjonen, og vi treng den jorda vi har. Berre tre prosent av Noreg er matjord, sa han til Sunnmørsposten i februar.

Jordvern er også ei prioritert sak på nasjonalt nivå. Stortinget handsama ny nasjonal jordvernstrategi i 2015, og vedtok her eit mål om at den totale omdisponeringa av dyrkamark skal under 4.000 daa per år innan 2020. Tidlegare var målet 6.000 daa per år.

I 2014 vart det omdisponert 5.710 daa med dyrkajord i Noreg og 463 daa i Møre og Romsdal. Det er med andre ord naudsynt med ei kraftig innstramming for å nå målet om under 4.000 daa per år.