Mjølkeprodusent Knut Hustad frå Bondalen tala varmt om dei små og mellomstore gardsbruka då det vart halde bondemarkering i Volda måndag. Markeringa vart halden på ein jordlapp i Volda sentrum, tilhøyrande onkelen til landbruksminister Jon Georg Dale. Dale fekk måndag overlevert krava frå jordbruket, på 860 millionar kroner, som hovudsakleg skal gå til å tette inntektsgapet mellom dei som driv smått og dei som driv stort.

– Dei blå-blå er godt i gang med sitt store prosjekt med å bygge det robuste landbruket. Dei omfordelar dei 15 milliardar kronene vi får, til fordel for dei store gardane, sa Hustad.Han viste til at det i Ørsta kommune var 177 gardsbruk i drift i 2014, og like mange i 2015. Likevel fekk bøndene i Ørsta 3,5 millionar kroner mindre i 2015 (40,5 mill) samanlikna med året før (43,83 mill). – Vi er samfunnsytarar så det held. Ein bonde står for ei verdiskaping på 1,2 millionar kroner, så berre i statsbudsjettet i fjor forsvann det tre stillingar frå Ørsta. Og dette er medviten politikk, sa Hustad.

Ungdomen

Han var ikkje den einaste som hadde noko på hjartet om norsk landbruk. Ordførar Stein Aam er sjølv bonde, og kunne fortelje at han hadde vore i fjøsen å mjølka allereie klokka seks om morgonen.

– Ein ting er kva bøndene tener, ein annan ting som er svært viktig for meg er at eg er oppteken av ungdomen som kjem etter. Vi står her kvite i håret mange av oss. Vi må ha ei investeringsramme som er forsvarleg, slik at dei som kjem etter oss og vil drive vidare ikkje vert nedtynga av gjeld, var hans oppmoding.Også ordførar i Volda, Jørgen Amdam talte vent om jordbruket. – Vi treng vestlandsbonden. Han som har overlevd ved å kombinere gardsdrift med anna arbeid. Deltidsbonden er ryggrada for busetjinga på bygdene våre. Om det skulle skje at landbruket vert lagt ned på bygdene, vil det ha noko å seie for alt av service og liknande. Vi må reindyrke linja der vi kombinerer det å drive jorda med anna form for arbeid – mangesysleriet, sa Amdam, og viste mellom anna til sin eigen barndom på eit småbruk, der dei også livnærte seg med å drive intensiv gartneriverksemd for å spe på inntekta.

Vegval

Bondelagsleiar i Møre og Romsdal, Oddvar Mikkelsen, meiner tida er inne for å tette lønnsgapet mellom dei små og dei store landbruksprodusentane.

– Bønder sluttar ikkje i nedgangstider. Då køyrer vi på. No er det nedgangstid i landet. Då kan vi få hjelp til å køyre på. Vi er ei langsiktig næring. Vi investerer i eit generasjonsperspektiv. Kan vi gjere det i nedgangstider er det gjerne billigare å investere også. Det er positivt, men vi treng draghjelp fordi vi har for låge inntekter. Samfunnet kan satse på landbruket no. Det kan vere ein stabilisator i økonomien og vere med på å halde hjula i gang også i andre næringar. Vi har på mange måtar kome til eit vegkryss. Skal vi ta vegen til høgre, mot stadig færre og større bruk, jordbruksareal som går ut av drift og produksjon som går ned, eller skal vi gå den andre vegen, og oppretthalde det samfunnet slik vi kjenner det i dag, med mange små og varierte bruk, og deltidsbønder som driv fleire produksjonar, og som har anna jobb i tillegg til det å vere bonde?