Det meiner Samfunnsutvalet i Ørsta kommune. Ørsta reiselivslag og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS) har starta eit arbeid med å gjere Hjørundfjorden rundt til ei regional og nasjonal merkevare. Det er i desse planane Samfunnsutvalet ønskjer at kulturhistoria til fjorden skal spele ei viktig rolle.

– Kulturen og attraksjonane må gå hand i hand og må knytast opp mot råsa frå starten av prosjektet, heiter det i tilrådinga, som var eit tillegg til fråsegna til fylkeskommunen sin regionale delplan for kulturminne av regional og nasjonalverdi.

– Dette er ei viktig sak for bygda vår, og vil vere med på å syte for at Hjørundfjorden blir ei merkevare for heile regionen, sa utvalsleiar Inge Kolås (Frp) under møtet tysdag.

For å sikre at dette blir følgt opp, tilrår politikarane at Ørsta kommune blir representert ved Gunnar Wangen frå planavdelinga i utviklinga av Hjørundfjorden rundt.

– Dette vil sikre at våre kulturtradisjonar og andre råser og stiar blir tilknytt prosjektet, heiter det i fråsegna. Samfunnsutvalet påpeiker også at delar av traseen rundt Hjørundfjorden kan tilpassast som turveg for rørslehemma.

– Dette er viktig å vareta og synleggjere i arbeidet framover, og vil sikre at råsa får ein nasjonal verdi.

I planen for kulturminne er det også ei liste over regionale og nasjonale kulturminne- og miljø. Både administrasjonen og samfunnsutvalet tilrår to suppleringar til denne:

– Ferdselsvegar og bruer i Norangsdalen. Dagens veg vart utbygd i tida 1893–1898. Vegen har i dag status som fylkesveg 655. Ein eldre køyre- og rideveg, frå 1846, er det framleis spor etter mange stader. Utbetring av vegen i 1890-åra fann stad saman med auke i turisttilstrøyminga. 1830-åra. Ferdselsvegar og bruer i Norangsdalen er viktige samferdselsminner, og er oppført i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap landskap. Ferdselsvegar og bruer i Norangsdalen bør vurderast å kome med på lista over kulturminne og – miljø av regional verdi.

– Stavset internatskule er oppført med regional verdi. Gjennom ny bakgrunnsinformasjon som Hjørundfjord kulturvernlag har lagt fram, stiller dei spørsmål ved om skulen bør ha nasjonal verdi, heiter det i fråsegna.