«Haute Route». Dei som kjenner omgrepet, ser for seg mektige alpar og ein sju dagar lang tur frå Chamonix, ved foten av Mount Blanch, til Zermatt, ved foten av Matterhorn.

Dei siste åra har «Haute Route»-konseptet, med skiturar i høgfjellet over fleire dagar, breidd om seg også i Noreg. No ønskjer reiselivsnæringa å gjere «Hjørundfjorden Rundt» til Noregs beste langtur på ski.

– Hjørundfjorden byr på fantastiske moglegheiter for oss. Vi skil oss frå dei andre norske rutene. I Jotunheimen er ein inne i fjellheimen, i Lofoten og Lyngen er ein ute i havet. Hos oss går ein med utsikt til ein av verdas vakraste fjordar. Og det at ein faktisk går rundt fjorden, gir kjensla av ein skikkeleg rundtur, seier marknadssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Skreddarsaum

I fjor vart det gjennomført ein prøvetur, og i år satsar reiselivsnæringa for første gong på eit skreddarsydd opplegg for turen.

– Men Hjørundfjorden rundt er ikkje noko nytt fenomen. Turen har både vore omtalt og gjennomført mange gonger tidlegare. Det som er nytt no, er at vi legg til rette for å gjere dette kommersielt, med guide og eit godt planlagt opplegg, seier Skrede.

Ruta, som er lagt opp til å ta ei veke, går Hundeidvik-Trandal-Norangdal-Bjørke-Skår-Sæbø-Ytre Standal/Barstadvik. Turen inkluderer mange av dei mest spektakulære toppane i Sunnmørsalpane: Råna, Slogen, Blæja, Skårasalen, Dalegubben og Kolåstinden.

– Men det som er viktig for oss, er at vi skreddarsyr turane etter kva folk ønskjer. Om dei ikkje vil gå heile runda, men berre eine sida av fjorden, så er det sjølvsagt mogleg. Ein treng ikkje setje av ei heil veke for å oppleve Hjørundfjorden på ski.

Meir enn natur

Skrede meiner også at det er meir enn naturen som gjer Hjørundfjorden attraktiv.

– Dette er ein fjord som verkeleg lever. Det er ein rik bygdekultur på begge sider, og fleire fantastiske overnattingsstader. Det handlar ikkje berre om å gå på ski, men også om å oppleve stader som Christian Gaard (Trandal), Villa Norangdal, Hotel Union Øye, Vandrarheimen på Bjørke og Sagafjord Hotel (Sæbø). For ein del kan Ørsta og Hotell Ivar Aasen også vere eit mål. Og så prøver vi å leggje inn ei natt i Ålesund både når dei kjem og før dei reiser. Det handlar både om å redusere stresset med reisinga, og å leggje inn opplevingar frå Jugendbyen i turen

– Med slike overnattingsstader er vel dette ein tur for dei med god råd?

– Då er vi tilbake til det med skreddarsaum igjen. Dei som vil ta seg rå til å bu på desse stadene, kan gjere det, medan det også finst mange rimelegare alternativ, både i form av hytter og camping, seier Skrede.

Han ser for seg at kundane vil kome både frå utlandet og frå Noreg.

– Det er marknader for dette særleg i Sør-Tyskland, Italia, Spania og Frankrike, men også i USA er det mange fjellvande folk som er på jakt etter nye opplevingar.

– Så de vil få turistane ut av Alpane, og inn i Sunnmørsalpane?

– Ja, det kan du godt seie.