Komande onsdag inviterer Ørsta kommune og Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) ei rekkje reiselivsaktørar til eit møte på Standalhytta. Målet er å danne ei turrute rundt Hjørundfjorden som eit kommersielt produkt.

– ÅST har fire hytter langs denne ruta og tilbyr til saman 100 senger for gjester. ÅST feirar sitt 125-årsjubileum i år, og har sett opp denne ruta som ein «jubileumsaktivitet», skriv Arild Eidset i ÅST til aktørane.

Eit kortsiktig mål med å etablere ruta, vil vere å feire jubileet. Det langsiktige målet er å etablere ei prestisjerute rundt fjorden, og få fleire til å bruke fjella og hyttene.

Ørsta kommune og ÅST ønskjer samarbeid og felles eigarskap til ruta.

– Den viktigaste årsaka til det er sterkare gjennomslagskraft i ein stadig meir krevjande marknad, både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidet er også nødvendig viss ein til dømes skal konkurrere med tilbod som Besseggen og Romsdalseggen.

På møtet onsdag vil det verte orientert om jubileumsturen, som finn stad 4.–10. august. Det skal greiast ut kva etappar som skal byggjast ut, korleis ein gjennomfører kvar etappe, korleis ein kan bruke overnattingstilbodet langs ruta, og marknadsføring.