Ni bebuarar frå Volda Statlige Mottak var med som statistar da filmen «Det norske hus» blei spelt inn på Øye. Det er ein heilaftans spelefilm, ei politisk satire/komedie om korleis det er å vere framand i Norge for tida og å måtte lære seg norsk kultur og køyrereglar.

Lærerikt

Volda statlege mottak tilbyr mykje forskjellige aktivitetar til bebuarane på mottaket, men eit tilbod som dette har vi ikkje fått før. Sjølvsagt måtte vi delta på dette, eit opplegg som er både spennande og lærerikt for alle partar!

Bebuarane fekk sjå korleis ein lagar ein film, og ikkje minst få vere med i filmen. Det er ikkje alle som har moglegheit til å få bli med på noko slikt, så å få det tilbodet var veldig stas. Ikkje bere fekk dei ver med på filminnspeling, men dei fekk og oppleve ein ny plass med flott natur.

Å lage film er krevjande

Ingen av bebuarane var heilt klar over kva dei skulle bli med på når vi var komne til Øye. Alle visste at dei skulle vere statistar til ein film, men ingen viste kor krevjande det faktisk var å vere med. Det å lage film tar lang tid, noko ingen av oss var heilt førebudd på. Det blei mykje venting og repetisjon. Etter 16 timar med innspeling er det lov å ver litt slitne av dagen.

Heldigvis var det utruleg kjekke folk i produksjonsteamet på filmen. Dei tok oss godt i mot, noko vi alle la merke til. Både kamerafolk, skodespelarar og produsentar tok seg tid til å snakke med bebuarane, sjølv om dei hadde ein tett timeplan. På hotellet fekk vi moglegheit til å ete til alle måltid om vi ønska det.

Testing av mat

Sjølve filminga føregikk inne på hotell Union og inne på eit grendehus i nærleiken. Under filmen er dei med på både norskopplæring og testing av norsk tradisjonell mat. Noko som var utruleg interessant å sjå på. Dei har vinkla sakene på ein humoristisk måte, noko som kjem til å synast godt i filmen. Bebuarane fekk helse på kjente norske skodespelarar som Hege Schøyen, Helen Vikstvedt og Gard Eidsvoll. Derfor er det litt ekstra stas å få vere med.

Yvonne Skarmyr