– Vi er veldig stolte av historia vår, men har kanskje hatt vel mykje fokus på det kongelege og det herskaplege. No er vi i ein fase der vi prøver å rette oss meir mot fjellsporten og folk flest, fortel hotelldirektør ved Hotel Union Øye, Mariann Øye-Mork.

I år har hotellet opna rekordtidleg, og det i sitt 125. leveår.

– Vi var i gang allereie 29. mars. Det har vel ikkje skjedd før. Vi håper med det å ta ein posisjon for toppturturistane og andre no på tampen av vinteren. Vi har allereie fleire bestillingar i helgene framover, fortel hotelldirektøren.

Oppussing

Hotellet har vore gjennom omfattande renovasjon dei siste åra. I kjellaren er det ny konferansesal, og fleire av dei 27 romma har fått ei oppgradering. Mellom anna har alle bada på hotellet vorte pussa opp.

– Her er flotte omgjevnader, men vi er folkelege likevel. Vi merkar lokalt at folk trur vi kanskje er dyrare enn det vi er, kanskje fordi vi er eit litt annleis hotell. Det handlar litt om tilbod og etterspurnad. Sommarmånadene kostar meir enn det gjer litt utanfor høgsesongen, minner Mariann Øye-Mork om.

Hotellet vart bygd i 1891. På den tida var det gjerne tindeklivarar og lakselordar som hadde Sunnmøre og Øye som turmål. Det var eksklusivt og annleis.

– Tradisjonelt reiste dei til rivieraen i Frankrike, men i ei tid med mange sjukdomar såg dei seg om etter nye og storslegne reisemål. Det fann dei på Øye, fortel Mariann.

Dei har prominente namn på gjestelista, noko som også vert spegla att i namna på dei ulike romma på hotellet. Keiser Wilhelm, Bjørnstjerne Bjørnson, Kong Oscar II, Dronning Maud osv.

– No har vi totalrenovert to rom, og for å feste hotellet meir mot fjellsporten har vi valt å gi dei namn etter kjende tindeklivarar. Dermed får både Charles Patchell og William Slingsby eigne rom no, fortel direktøren.

Ho håper at fleire i regionen no får auga opp for hotellet, og vil bruke det meir.

– Det er lett å verte blind på kva vi har i vårt eige nærområde. Folk er veldig flinke til å kome innom for eplekake og kaffi, og det er veldig kjekt, men vi vil veldig gjerne at folk vert verande litt lenger, for å få den totale opplevinga med å vere her, seier Mariann.

Ho siterer tidlegare generalsekretær i Den Norske Turistforening, Kristin Krohn Devold:

– «Oppskrifta på Slogen er å avslutte med middag og himmelseng på Øye.» Når folk seier dette, då kjenner eg at vi har gjort noko rett. Og kvifor skal folk henge i Chamonix i Frankrike når dei kan henge med oss? spør ho lattermildt.

Hotellet er også med på Karsten Gefle sitt prosjekt «Ski the Fjords», der fleire hotell har gått saman for å lokke skifolk til Hjørundfjorden og Sunnmøre.

– Vi merkar større pågang allereie, så Karsten har gjort ein god jobb, rosar Mariann Øye-Mork.

No gjer også ho ein ekstra innsats for å promotere hotellet som konferansehotell.

– Vi har fantastiske fasilitetar, og fordelen med å vere på Øye er at alle er samla heile tida. Ingen stikk av til byen etter middag. Det er unikt, og skaper godt samhald, seier ho.

Lang sesong

Med rekordtidleg opning, vert det også rekordlang sesong, og arbeidet med å fylle opp hotellet og gjere det lønsamt er i gang.

– Juni, juli og august er dei månadene der vi tener pengar. Jobbar vi godt klarer vi det også i mai og september. April, oktober, november og desember er tøffare, men eg har trua!