Skodespelar Sven Henriksen tuslar rundt inne på Hotel Union Øye. Forsyner seg med ein kaffi. Studerer utsikta frå vindauget. Slår seg ned i ein av dei mange og djupe stolane. Rundt omkring ligg det kablar og kasser. Eit sminkebord er sporadisk sett opp borte ved eit av vindauga, med utsikt mot hagen, fjorden og storslåtte fjell.

– Skuldrene seinkar seg av seg sjølv her, seier han.

Det er tidleg tysdag ettermiddag. Sven har nokre timar fri frå innspelinga av spelefilmen «Det norske hus». Ei komedie/satire om det å vere ny i Noreg. Regissør Jan Vardøen spelar på det erkenorske. Den trauste nordmannen i møte med det framande og nye.

– Eg vil vise fram det sære og det snille med nordmannen, og korleis det er for framande å navigere seg gjennom dette, fortel Vardøen.

Han har fått med seg eit koppel av kjende skodespelarar til Øye. Hotellet fungerer både som overnattingsstad og lokasjon for mykje av innspelinga. Her spankulerer både Hege Schøyen, Gard Bjørnstjerne Eidsvold, Helen Vikstvedt, Knut Nærum og andre rundt i gangane og opphaldsromma. I løpet av ti korte dagar skal dei spele inn ein 87 minutt lang film.

– Tidsperspektivet er ekstremt, kommenterer Gard Bjørnstjerne Eidsvold frå djupet av ein lenestol.

– Men det er difor det er så fantastisk å vere her. Det er stressande å lage film, men her på Øye er det veldig roleg.

Vertskap og hotelldirektør Mariann Øye-Mork held fortet. Sørgjer for at alle har det dei treng og meir til.

– Vi er van med kald pizza og feltseng. Det er det som er vanleg i filmbransjen. Slik er det ikkje her, seier Jan Vardøen.

– Mariann er ein del av teamet. Sjølv om vi er på eit hotell kjennest det ut som om vi er heime hos henne. Ho løyser alle små og store kriser og er tryggheita sjølv. No bruker eg store ord, men ho er som ein engel, seier Christine Varden frå produksjonsteamet.

Hotellet er i ferd med å slå seg opp som det reinaste filmhotellet. Då storfilmen Bølgen vart spelt inn, var hotellet base. Filmen Sunnmøres Alpine Arv, om tindeklivarane på Slogen, hadde hotellet som utgangspunkt. Og no er det «Det norske hus» som har innteke det historiske hotellet.

– Det var John Christian Rosenlund, han som filma Bølgen, som tipsa meg om Øye. Han skrytte uhemma av hotellet og om kor godt dei vart varetekne. Eg er oppteken av at folk skal smelte saman og ha det fint saman. Difor er det at vi filmar her, fortel Vardøen, og gir samstundes Rosenlund rett i at dei valde rett med å filme på Øye.

– Vi er svært godt nøgde!

Mariann Øye-Mork jobbar i kulissane. Pakkar med kaffi, te, frukt og sjokolade og serverer på settet. Har kontroll på kven som har lagt kva kor.

– Jakka mi? er det ein som spør.

Mariann veit råd. Eit korps? Ja, Mariann fiksar det også. Fungerer ikkje walkietalkiane? Mariann går på bygda og låner jaktradioane til hotellnaboane.

– Det er ein litt ekstrem situasjon. Eg må vere tilgjengeleg nesten døgnet rundt. Eg vert litt som ei mor som passar på at alle har det dei treng. Det går langt ut over rolla mi som hotelldirektør, men eg er svært oppteken av service, og eg elskar slike ting som dette. Dessutan tener hotellet på det. Ingenting er verre enn sure gjester eller eit surt vertskap, seier Mariann mellom slaga.

– Ho er halve hotellet, seier Sven Henriksen.

– Ja, vi er betatt alle saman, seier Hege Schøyen som har kome for å få seg lunsj.

– Mange skryt av å vere eit familiehotell, men dette er det, i ordets rette forstand. Her er alt, og eg fekk ei god kjensle med ein gong eg gjekk over dørstokken. Eg oppdaga ikkje før i dag at her ikkje var fjernsyn, faktisk. Her er natur som sprutar mot deg frå alle vindauga, rosar ho.

Skjalg Molvær, on set klippar, viser fram eit utkast av det som skal vere starten på filmen. Hotellet, Øye, Urke og Norangsfjorden på sitt beste, filma frå helikopter.

– Vi filmar med to kamera på under halvparten så mange dagar enn det som er vanleg for ein spelefilm. Vi har ekstremt mykje materiale, og det vert lite søvn, fortel han.

Men han klagar ikkje. Å jobbe for Jan Vardøen er for dei heldige, vurderer han.

– Eg har jobba med film i 20 år. Det kjennest som eg har vore på ei vandring heile livet, og endeleg er der eg høyrer heime. Det er fantastisk å jobbe for Jan. Han set trivselen øvst. Livet er det vi lever no, og då er han oppteken av at alle har det bra, i staden for at vi hoppar frå produksjon til produksjon. Og det er fint å leve når livet er så herleg som dette.